NRK Meny
Normal

Stramma inn tilgang på opplysningar

Fylkeskommunen valde nyleg å stramme inn tilgangen på elevinformasjon. Dette gjorde dei fordi dei frykta skulane skulle bruke opplysningane til å påverke elevane sine skuleval.

Bekka Skaasheim

STRAMMA INN: Bekka Skaasheim er utdanningsdirektør i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Elevtalet minkar i Sogn og Fjordane, om kampen om elevane har den siste tida hardna til.

På grunn av dette valde fylkeskommunen nyleg å endre tilgangen skulane til no har hatt på opplysningar om søkinga til dei forskjellige skulane.

Dei vidaregåande skulane får ikkje lenger sjå kva eller kor mange elevar som ønskjer å starte på deira skule – før søknadsfristen er ute.

Skulane skal ikkje kunne presse elevar til å ta bestemte val, seier utdanningsdirektør Bekka Skaasheim om kvifor.

– Vi ville unngå at denne informasjonen eventuelt kunne blitt brukt på ein slik måte at det kunne påverke søkjarane sine val. Det meiner vi hadde vore uheldig, seier ho.

Trur krav til elevar har ført til auka press

I fjor vedtok fylkestinget store endringar i det framtidige skuletilbodet ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Både talet på skular og tilbod har blitt redusert.

Fylkespolitikarane har også sett ei grense på at kvar klasse på yrkesfag må ha minst åtte elevar, og på studieførebuande minst 20 elevar for at tilbodet skal bli starta opp.

Rune Hovland i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane trur det kan ha vore med å skjerpe kampen om elevane til dei vidaregåande skulane.

– Dette er heilt nytt for oss, og det er kanskje nokon som har følt at det har vore eit større press enn tidlegare.

– Då har det ikkje vore så nøye vurdert etter tal, men meir skjønsmessige vurderingar, seier han.

Og dei strenge krava har sett sine spor.

Stramma inn tilgangen

Fristen for å søkje til vidaregåande opplæring var 1. mars.

Før har det vore slik at dei tilsette ved dei vidaregåande skulane har kunne sett kven og kor mange elevar som har søkt seg til dei ulike tilboda ved deira skule.

Systemet er i grunn meint for å følgje opp elevane, slik at elevane hugsar søkje skule innan fristen og held fram opplæringa.

Men i vår stramma altså fylkeskommunen inn ordninga. No får ikkje skulane sjå kor mange nye elevar som søkjer seg til deira skule før etter søknadsfristen er ute.

– Dette vart gjort av to omsyn. Den eine var ein generell gjennomgang i høve tilgang til elevdata. Det andre var for å unngå at denne typen data eventuelt kunne brukast på ein slik måte at det påverka søkjarane sine val, seier Skaasheim.

– Beklagar om elevar kjente seg pressa

Søkjartala til skulane skulle ikkje offentleggjerast før 1. mars. Men Eid vidaregåande skule gjekk i midten av februar ut med førebelse søkjartal til eitt av sine tilbod.

Då melde skulen mellom anna at søkjartala til det nye tilbodet studiespesialisering med formgjeving var betre enn venta, og at det låg at til at linja skulle starte opp.

Det vart også peika på at det var fleire elevar som sokna til Eid vidaregåande skule som framleis ikkje hadde søkt om skuleplass.

Dette var ikkje meint som press, seier fungerande rektor Torill Natvik.

– Eg såg ikkje dette som ei stor sak, og eg beklagar om folk eller elevar kjente seg pressa til noko. Det var absolutt ikkje vår intensjon i det heile, seier ho til NRK.no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.