Strålande vêr lokkar folk til fjellet

SOGNEFJELLET (NRK): Høge temperaturar har gjort at mange reiser til fjellet for å finne snø i påska. – Utnytt dei neste dagane, oppmodar meteorologen.

Påskekos på Sognefjellet ved Turtagrø

PÅSKEKOS: Denne gjengen koste seg i solsteika på Sognefjellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

  • Sjå fleire bilde frå «draumepåska» nedst i saka.

Sola strålar, det er vindstilt og det er snø. Den kombinasjonen gjer at det er mange som har trekt opp til fjellet for å nyte påska. På Turtagrø hotell på Sognefjellet er det fullt allereie før påska er skikkeleg i gang.

– No er det utruleg hektisk. Det er den beste påska nokosinne, seier ein tydeleg fornøgd hotellsjef Ingunn Weka.

Og solskinnet vil halde fram over store delar av landet dei neste dagane.

– Dagen i dag blir den beste med tanke på solskinn. Det blir sol og fint i Sør-Noreg fram til helga, men då vil det kome inn litt meir skyer, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

I Sør-Noreg har sola stråla dei siste dagane og no har også finvêret kome til Nord-Noreg.

– I nord fekk dei ei dårleg start på påska, men i dag og fram til torsdag blir det bra der også. Frå fredag av vil det kome nedbør. Vestlandet og Midt-Noreg kan få litt nedbør søndag og måndag, medan Austlandet slepp unna, seier Fagerlid.

Hotellsjef på Turtagrø Ingunn Weka seier dette er den beste påska nokosinne

NØGD: Hotellsjef på Turtagrø Ingunn Weka fortel at dette er den beste påska nokosinne.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Godt vêr er avgjerande

Det har lenge vore milde temperaturar, og det gjer at fleire reiser til høgda for å kunne oppleve snøen. På mange stadar på fjellet er det nemleg framleis minusgrader om natta.

– Det er så morosamt når vêret slår til. No er det verkeleg liv og røre her, seier Weka.

I Sulis i Nordland har dei også fint vêr, men dei åtvarar mot stor skredfare.

SKREDFARE: Vêret gjer at mange har tenkt seg til fjells, men ved Sulis i Nordland må toppturentusiastane vere obs på skredfare.

Foto: Ola Helness / NRK

Det er ikkje berre på Sognefjellet dei opplever mykje folk. Den Norske Turistforening (DNT) merkar også at vêret fører til gode besøkstal.

– Med minusgrader om natta og strålande sol om dagen, har me fått ein knallstart på påska. Det viser også besøkstala, me har ikkje hatt så god trafikk på hyttene våre sidan 2013, seier kommunikasjonsrådgjevar i DNT Mari Stephansen.

Det fine påskevêret vil halde fram dei neste dagane, men til helga vil det skye til og kome nedbør i store delar av landet.

Strålande påskevêr på Sognefjellet
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hugs solkremen

Solskinsvêret kan likevel by på nokre utfordringar, spesielt viss ein er på fjellet. Kommunikasjonssjef Christine Forsetlund Solbakken i Norsk institutt for luftforsking (NILU) kan fortelje at ozonlaget er 20 prosent tynnare enn det som er vanleg i april.

– Viss du er på fjellet, er snøen med på å reflektere solstrålane. Hugs derfor å smørje deg under nesa, under haka og på øyra, seier Forsetlund Solbakken.

Laster Twitter-innhold

STEMNING: På alpinsenteret på Gålå i Oppland er det topp stemning i påska.