Hopp til innhold

Strålande sol så langt varselet rekk

Dei neste ti dagane er det meldt strålande sol over heile fylket, men skal du gå på ski lyt du ganske langt opp i høgda.

Glad skiløper

STRÅLANDE SOL: Dei neste ti dagane er det meldt strålande sol over nesten heile Vestlandet.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det ser ut til å bli veldig fint ver over heile Vestlandet, og kanskje særleg på nordvestlandet, seier meteorolog Halldis Berge.

Om ein ser på vêrvarslinga på yr.no no, er dei neste ti dagane markert med ei stor sol nesten over heile fylket vårt. Berge fortel at det er gode sjansar for at vêret faktisk blir sånn.

– Det er eit høgtrykk på veg sørover, og det etablerer seg over heile Norden utover veka. På kysten vår er det nokre frontar som pressar på, så sjølv om det blir fint kan det bli ein del fint, fortel Berge.

Les også: Her kan du sjå kor djup snøen er ulike stader i landet

– Så godt som perfekt ver

Sjølv om meteorologane no melder sol, er det fare for litt skya ver enkelte stader langs kysten.

– I indre strok blir det så godt som perfekt ver, men det er viss fare for at det kan bli litt skyar på kysten. Sogn og Fjordane ligg likevel betre an enn resten av Vestlandet.

yr.no

PERFEKT: Dette er ein skjermdump av yr.no si vêrvarsling for Førde. Det ser ganske bra ut.

Foto: yr.no

Med så fint ver er det kanskje mange som får lyst til å gå seg ein skitur, men Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag seier at det diverre er lite snø også i fjella.

– Ein kan gå på nokre av dei kjende toppane i indre Sogn som til dømes Blåfjellet i Sogndalsdalen. I Sunnfjord kan ein kanskje gå på Grovabreen i Jølster. I Jostedalen er det nok også snø. Uansett må ein vere budd på å bere skia eit stykke, seier Ask.

Og om ein likevel insisterer på å gå på ski, lyt ein også vere klar over at det vesle som ligg att av snø, kan vere ganske hard.

– Det har ikkje vore veldig mykje vind den siste tida, men det har vore nok til at snøen har vorte ganske hard dei fleste stader. Når vi og fekk eit tosifra tal med varmegrader fleire stader, er det ikkje mykje snø det er tale om, seier Ask.

Ver forsiktig om du vil gå på skeiser

Med så dårlege snøforhold er det kanskje like greitt å droppe skia.

– Det er jo eit heilt fantastisk lys ute no, og skaren er veldig fin å gå på no. Det er kanskje like bra å ta seg ein tur på beina i sola. Sjølv skal eg på Atløynipa i Askvoll i dag, men der trur eg ikkje det er eit einaste snøfnugg.

Når det ikkje er snø å gå på er det kanskje freistande for nokre å gå på skeiser etter kvart. Då oppmodar meteorologen om å vere forsiktig.

– Det skal bli kuldegrader i heile neste veke, men på dagtid vil temperaturen så vidt kome under null grader i låglandet. Det kan vere nok til at det legg seg is på vatna, men det er vanskeleg å seie endå om den blir trygg.