NRK Meny
Normal

Strålande 1. mai-feiring i fylket

Både i Årdal og i Høyanger vart 1. mai feira på tradisjonelt vis og med mykje folk ute i gatene. Det fine vêret sette ein ekstra spiss på arbeidardagen i år.

1. mai i Årdal

PAROLE: Under parolen «Trygge jobbar, nytt fleirtal» gjekk desse folka i tog i Øvre Årdal.

Foto: Truls Sylvarnes / Porten.no

I Årdal feira arbeidarrørsla 1. mai med parolar som «Trygge jobbar, nytt fleirtal», «Nytt fleirtal, ditt val», «Omtanke, solidaritet, samhald» og «Alle skal med».

Årdalstangen

Partileiar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) er veldig nøgd med feiringa på Årdalstangen i år.

Folk feirar 1. mai i Årdal

FEIRA: Mykje folk ute i finvêret 1. mai, her frå Årdal.

Foto: Truls Sylvarnes / Porten.no

– Mykje folk i toget og salutten small medan vi heisa flagget til topps utanfor rådhuset. Med dette vêret vart det veldig bra, seier Hollevik Brandsdal.

I fjor fekk Årdalstangen kritikk etter at berre éin mann møtte opp om morgonen 1. mai: Flaggheisaren, i tillegg til korpset.

– I år var det veldig mykje folk og vi hadde ein bra dag, seier Hollevik Brandsdal.

1. mai i Årdal

JUBILEUM: Øvre Årdal Janitsjar er 70 år i år.

Foto: Truls Sylvarnes / Porten.no

Øvre Årdal

I Øvre Årdal er nyvald leiar i LO Årdal, Siv Aspeseter, like nøgd med dagen.

– Vi starta med flaggheising klokka åtte. Så gjekk vi som vanleg til Rallaren og heidra han med ein appell, som Nils P. Støyva heldt, fortel Aspeseter.

Sara Vie

APPELL: Sara Vie heldt appell.

Foto: Truls Sylvarnes / Porten.no

I Årdal var LO-rådgjevar Vegard Harsvik hovudtalar. Han snakka om kampen mot auka skilnader og om å setje velferd og fellesskap først.

I ein appell uroa nestleiar i Lærdal og Årdal AUF, Sara Vie, seg over eiga og andre unge si framtid.

– Eg uroar meg over arbeidsløysa som er no. Det er den høgste på 20 år. Arbeidsløysa handlar ikkje berre om tal, men om menneske, sa ho i appellen sin, ifølge Porten.no.

Høyanger

Leiar i LO Ytre Sogn, Lars Kjetil Skeie, seier fleire hundre møtte opp på 1. mai-feiringa i Høyanger.

1. mai-feiring i Høyanger 2017

FLAGG: Frå toget i Høyanger.

Foto: Arvid Fimreite

– Vi var 500 menneske på bytorget. Bra stemning, god tale. Og godt oppmøte også i 11-toget, seier Skeie.

Asbjørn Whal heldt 1. mai-talen. Han tok opp tema kring velferd som burde vere offentlege tenester, og ikkje noko ein kunne ta profitt av. Også politisk styring av kapital var blant tema, ifølge Skeie.

1. mai-feiring i Høyanger 2017

FOLK: Mykje folk på Bytorget i Høyanger 1. mai.

Foto: Arvid Fimreite

I Høyanger gjekk folk under parolar som «Bygg ny elektrolysehall», «Begrens krafteksport og nettleige, bruk krafta her», «Boikott rasiststaten Israel, støtt det palestinske folket», «Nei til EØS-avtale som overstyrer norske løns- og arbeidsvilkår», «Demp privat rikdom og vekst, styrk offentlege velferdstiltak» – mellom anna.

I tillegg hadde Utdanningsforbundet Høyanger parole som «Avskilt regjeringa, ikkje lærarane».

1. mai-feiring i Høyanger 2017

BYTORGET: Kring 500 var til stades på bytorget i Høyanger under 1. mai-feiringa, ifølge arrangør.

Foto: Arvid Fimreite
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå