Hopp til innhold

Returnerte til Norge få månader etter utvisinga

Berre fem månader etter at rumenaren vart sendt ut av landet med fem års innreiseforbod, stod fembarnsfaren i 50-åra på norsk jord igjen.

Sogn tingrett

ILLUSTRASJON: Fembarnsfaren kom i oktober ulovleg inn til Norge. No har han fått sin andre dom sidan mai.

Foto: Arve Uglum / NRK

No er mannen i 50-åra dømd til fengsel i ti månader, der fem månader er med prøvetid på to år.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 26 dagar varetektsfengsling.

Falske ID-kort

Det var i byrjinga av oktober i år at det vart fatta mistanke til mannen under utlendingskontroll i Flekkefjord. Med seg på den ulovlege innreisa til Norge hadde mannen to offentlege ID-kort.

Då politiet fekk avklara at ID-korta var falske, la mannen alle korta på bordet.

Det vart også då klart at Utlendingsdirektoratet viste mannen ut frå Norge 9. mai, og gav han innreiseforbod i fem år. Vedtaket vart effektuert 22. mai.

Leitte etter mora

Mannen er tidlegare straffedømt to gonger for narkotikakriminalitet. Siste gong var berre få dagar før utvisingsvedtaket til UDI, då han vart dømd til fengsel i 120 dagar.

Til politiet forklara mannen at han reiste til Norge for å leite etter mora til dei fem borna han har eineomsorg for.

Ho skal ha stukke av frå familien, og han meinte at hans gamle sjuke mor ikkje lenger kunne ta hand om borna.

Tvilen kom han til gode

Forklaringa var udokumentert, men sidan det ikkje vart lagt fram opplysningar som tydde på noko anna lét Sogn tingrett all tvil komme tiltalte til gode og la den til grunn.

Mannen godtok at saka gjekk som tilståingsdom.

Aktor la ned påstand om fengsel i 11 månader, med frådrag av varetektsfengslinga. Mannen ville då fått to månader strafferabatt for tilståinga.

Skjerpa strafferamme

Sidan brot på innreiseforbod er eit aukande samfunnsproblem, vart strafferamma for førstegongsbrot skjerpa 15. januar i år. Frå fengsel i inntil seks månader til fengsel i inntil to år.

Sogn tingrett meinte ti månader fengsel ville vere straffande. Fem av månadane slepp han altså å sone, dersom han held seg på rette side av lova dei neste to åra.