NRK Meny
Normal

Straffa strengt for grovt ran

To menn i slutten av 20-åra er dømde til lange fengselsstraffer etter eit grovt ran på Kaupanger i Sogn sist haust.

Sogn tingrett

DOM ETTER GROVT RAN: To menn i slutten av 20-åra er dømde til lange fengselsstraffer etter eit grovt ran i Kaupanger i fjor haust-

Foto: Arve Uglum / NRK

Dei to mennene frå Sogn bana seg natt til 3. november i fjor inn i heimen til ein mann i 50-åra. Mannen vart truga med våpen og utsett for vald, før han kjente seg tvinga til å gje frå seg nøklane til huset til son sin.

Mennene vart arresterte kort tid etter ranet i ein væpna politiaksjon, og sat i varetekt i fleire månader. No er dei begge dømde til fengsel.

Truga med det som såg ut som ein pistol

Mennene har i retten forklart at dei var ute etter våpen, og at dei meinte mannen i 50-åra hadde fleire slike i heimen.

I timane før ranet la dei planar om korleis dei skulle gjennomføre det. På ein post-it lapp vart det funne nedskrive kva tankar dei to gjorde seg om måten det skulle skje på. Mellom anna stod det at ranet skulle skje om natta, i nyvaska klede, at dei skulle vere maskerte og at dei skulle forsikre seg om at naboar ikkje følgde med.

Med seg hadde dei ein softgun som ser heilt lik ut som ein 9 mm pistol.

Framme hos mannen i 50-åra kasta den eine av dei to seg over mannen, før dei batt han med strips og opprivne kjøkkenhandklede. Den eine av ranarane sette det som såg ut som ein pistol i sida på han, og bad han fortelje kor han hadde våpena sine.

Begge dei to tiltalte skal ha snakka engelsk under ranet, og hadde dekt til ansiktet.

Tapa over munn og auge

Først nekta mannen i huset for at han hadde våpen, men han vart då tildelt to slag i ansiktet av den eine ranaren.

I frykt for sitt eige liv skal han etter kvart ha fortalt at han hadde våpena i huset til son sin. Dei tiltalte vart viste til kvar dei kunne finne nøklar til huset, og den eine av dei to tok seg inn i huset, men fann ikkje noko våpen der.

Då denne ranaren var tilbake i huset til fornærma, skal mannen i 50-åra ifølgje dei tiltalte ha blitt tapa med gaffatape over munn og auge. Dette gjorde dei to ranarane for at det skulle gå lenger tid før mannen fekk varsla politiet om hendinga.

Mennene forsvann deretter frå staden med ei rekkje knivar dei hadde funne i huset til fornærma, og fornærma sin mobiltelefon.

Etter ei stund greidde den fornærma mannen i 50-åra å kome seg til ein nabo. Under ranet meinte mannen i 50-åra at han kjente att ein av ranarane, og politiet rykte difor ut til bustaden til vedkommande.

I ein væpna aksjon arresterte politiet dei to tiltalte her, berre kort tid etter ranet.

Fengsel i eitt år og ni månader

Sogn tingrett meiner det er bevist utover ein kvar tvil at dei to ved bruk av vald og trugsmål, og ved å setje mannen ut av stand til å forsvare seg sjølv, har gjort seg skuldige i grovt ran.

Den fornærma mannen i 50-åra skal ha hatt smerter i fleire veker etter episoden, då han fekk brot eller brest i ribbeina etter den tøffe behandlinga han fekk under ranet. Mannen har elles ikkje fysiske skader etter ranet, men har fått psykiske etterverknader, skriv Sogn tingrett i sin dom.

Den eine av dei to mennene er dømd til fengsel i eitt år og ni månader. Mannen i slutten av 20-åra har tidlegare vore dømd ei rekkje gonger for vald og vinningsbrotsverk.

Han er no innstilt på å få behandling for narkotikamisbruket sitt, men retten meiner han ikkje er i ein rehabiliteringssituasjon som skulle tilseie at delar av straffa skal vere på vilkår.

Fengsel i eitt år og fire månader

Den andre av dei to er dømd til fengsel i eitt år og fire månader. Også han er tidlegare straffa og bøtelagd, men ikkje i same omfang som den andre av dei to.

Også han ser ut til å ha teke tak i narkotikaproblemet sitt, men heller ikkje han er i ein situasjon som skulle tilseie at delar av fengselsstraffa skal vere på vilkår, skriv Sogn tingrett i dommen.

Dei to må saman betale 75.000 kroner i erstatning til mannen dei rana.

Den eine av dei to må også tole inndraging av softgunen som vart nytta under ranet. Til frådrag frå fengselsstraffene kjem dei dagane mennene har sete i varetekt etter ranet, på 160 dagar for den eine av dei tiltalte, og 153 dagar for den andre.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen