Hopp til innhold

Blir straffa for å hemne gutestrekar

Nordfjordingen i 60-åra reagerte spontant på gutestrekane.

Gutane kjeda seg etter å ha spelt fotball, og på veg heim frå ballbingen byrja dei å ringe på dørene til folk – for så å springe frå staden.

Men gutestrekane gjekk ikkje heilt etter planen.

For det var ikkje første gong dette vart gjort i tettstaden. Ei kvinne i 80-åra kjende det både ubehageleg og trakasserande og son hennar heldt vakt ved døra den aktuelle novemberkvelden i 2014.

Då det ringde på opna mannen i 60-åra døra og kleppa tak i den unge syndaren. Ifølgje tiltalen skal han både trua og klaska til guten. Ettersom det for retten var uklart kva som vart sagt, vart mannen frikjent for truslar.

Derimot vart han funnen skuldig i vald mot guten. Retten meinte han som vaksen kunne reagert på andre måtar enn å ty til vald.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel på vilkår i 16 dagar. Retten landa på fengsel i 14 dagar, der fengselsstraffa blir utsett med prøvetid på to år.

Eitt års liggetid hos politiet medverka også til ei kortare fengselsstraff.

– Tidsbruk, saman med foranledninga til hendinga, er også bakgrunnen for at retten meiner det bør reagerast med ei kortare vilkårsbunden fengselsstraff, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.