Hopp til innhold

Straffa for dårleg jordbruksoppgjer

Framstegspartiet vil bli hardt straffa av sine eigne kjerneveljarar for eit dårleg jordbruksoppgjer, meiner professor i bygdesosiologi.

Landbruksoppgjer, Reidar Almås, Vik

VIL BLI STRAFFA: Professor Reidar Almås meiner Frp vil bli straffe for jordbruksoppgjeret.

Foto: /Berit Keilen

– Det her er dårleg nytt for vestlandsjordbruket, dårleg nytt for jordbruket nordpå og i dalane. Dette er gunstig for dei store bruka som er på flatbygdene på Vestlandet, på Jæren og rundt Trondheimsfjorden.

Det meiner Reidar Almås, professor i bygdesosiologi.

I går kom regjeringa med 150 millionar kroner til bøndene, berre 10 prosent av det dei bad om for to veker sidan.

Har tenkt lite på veljarane sine

Staten sitt jordbrukstilbod slår dårleg ut for stader der Frp har mange av sine veljarar, seier Almås.

– Eg trur at dei først og fremst vil oppdage kva dette jordbruksoppgjeret betyr etter ei stund og særleg da i Frp-land. Framstegspartiet har i dag ei stor støtte på kysten i sør, vest og i nord. Det forundrar meg litt at både partiet og landbruksministeren i så liten grad har tenkt på korleis dette slår ut i dei distrikta der partiet står sterkt, seier professoren.

Avhengig av bøndene i fylket

Geir Egil Roksvåg

VIKTIG: Det lokale jordbruket er viktig for oss, seier Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Eg håpar at bøndene får eit så godt oppgjer at det vert leveleg for dei å drive som bønder, og at vi klarar å halde på flest mogleg ut av bøndene i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt.

I dag tidleg uttrykte både LO og NHO i fylket uro over staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret. Organisasjonane meiner det kan truge næringslivet.

Roksvåg seier bedrifta hans er avhengig av bøndene i fylket. Tilgangen på lokale råvarer er veldig viktig for hans verksemd.

Han meiner dei lokalt produserte råvarene har ein god kvalitet.

Viktig for råvarene og turismen

– Det er veldig viktig, både på råvaresida for oss som driv med landbruk og det er veldig viktig for turismen ved at ein slepp attgroinga som vi har i dag, seier han.

Ei nedbygging av landbruket i Sogn og Fjordane vil føre til at Nordfjord kjøtt mistar mykje av tilgangen på dei lokale råvarene.

– Og det er veldig synd. Fordi dette er eit veldig godt område å produsere i, seier han.