Hopp til innhold

Støyva har ikkje gitt opp føden

Helse Vest-styremedlem, stryneordførar og Ap-leiar i Sogn og Fjordane, Nils P. Støyva, meiner fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus framleis kan bergast.

Nils P. Støyva

HAR FRAMLEIS TRUA: Nils P. Søyva (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nordfjord sjukehus

FØDEAVDELING: Helse Førde har vedteke å leggje ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus. No tenner Helse Vest-styremedlem Nils P. Støyva eit forsikt håp hos nordfjordingane.

Foto: Arne Eithun / NRK

– Saka er ikkje avgjort. Utfordringa er at det manglar ressursar for å oppretthalde aktiviteten, og det har vi teke opp med ministeren, seier Nils P. Støyva til Sunnmørsposten.

Støyva viser til Sogn og Fjordane Ap kjempar for å behalde fødeavdeling på Eid og forsterka fødestove i Lærdal. Dette er vedteke i eit samrøystes representantskapsmøte.

Sit sjølv i nøkkelposisjon

Overfor avisa legg ikkje Støva skjul på at sjukehusstirden i Sogn og Fjordane er blitt ei vanskeleg sak for partiet, spesielt i Nordfjord der fleire lokalpolitikarar har lagt ned verva sine. I Selje er heile lokallaget avvikla.

Som medlem i Helse Vest-styret sit Støyva dessutan sjølv i ein pressa posisjon. Etter at Helse Førde-styret no har fatta endeleg vedtak om nedlegging av fødetilboda i Eid og Lærdal, er det nettopp Helse Vest, og deretter til sist helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen (også ho frå Ap) som skal ha endeleg ord i saka.

– Som styremedlem i Helse Vest vil eg ikkje uttale meg. Der må du snakke med styreleiar Oddvar Nilsen, seier Støva.

Ser gjerne mot Volda

Når det gjeld spørsmålet om å sjå over fylkesgrensa til Volda, som med nye Kvivsvegen i 2012 stadig rykkjer nærmare Indre Nordfjord i køyretid, kan Stryn-ordføraren Støyva uttale seg.

– Ordføraren i Stryn synest det er positivt å kunne sjå Eid i forhold til Volda og sjå på grenser på ein annan måte enn før, men utgangspunktet er å behalde fødeavdelinga på Eid, seier han til Sunnmørsposten.

Støva seier til avisa at ein jobbar inn mot helsedepartement og regjering for å finne andre løysingar til nedlegging av føden, og at dei har bede om kjapt svar.