Støyande born øydelegg høyrselen

Støyen ved barnehagane i Luster er så høg at dei tilsette får øydelagt høyrselen. No set kommunen i gang strakstiltak.

- Eg blir trøytt i hovudet, og så vert det lett for at ein kjeftar meir enn ein burde gjere for å roe ungane, fortel Anne Margrete Veum ved Grandmo barnehage i Luster.

Må bruke høyreapparat

Tilsette seier det går ut over arbeidsmiljøet når bråket er på sitt mest intense. No er støyen også byrja å merkast på høyrselen.

- Eg merkar på høyrselen at eg høyrer dårlegare med åra. Det finst jo dei som og har byrja å bruke høyreapparat, sjølv om dei ikkje greier å bruke det i barnehagen fordi det er for mykje lyd, fortel Veum. 

- Oppsiktsvekkjande

At ungar likar å bråke er ikkje noko nytt, men resultata frå støymålingane i Luster er likevel overraskande. Åtte barnehagar har vore med i undersøkinga. Fagkonsulent Bodhild Therese Cirotzki seier kommunen har mykje å ta tak i.

- Resultatet var oppsiktsvekkjande. Eg kjem til å ta dette opp med alle leiarane i barnehagane på neste møte. Då må vi setje i gang strakstiltak og meir langsiktige tiltak, forklarar ho. 

Vil be ungane roe seg

Luster kommune har ikkje tidlegare målt støyen i barnehagene, difor veit dei lite om korleis dette påverkar sjukefråveret. No vil dei uansett fokusere på problemet, slik at arbeidsmiljøet blir betre.

- Vi kan gjere noko med romma; hengje opp gardiner og ting på veggane for å få ned støyen, i tillegg til å gjere borna meir medvitne på korleis dei brukar lyd, seier Cirotzki.

I tillegg til å legge inn støydemparar i barnehagene vil også kommunen snakke med borna. Dei vil gjere støy til eit tema, slik at ungane kan lære å vere mindre bråkete. Men Anne Margrete Veum har ikkje så stor tru på eit slikt opplegg. 

- Det varer berre ei lita stund, og så gløymer dei det. Du veit at ungar ikkje hugsar lenge at dei skal vere rolege, humrar Veum.

- Tek ikkje problema på alvor

- Kommunane tek ikkje støyproblema i barnehagane på alvor. Det seier fylkesleiar i Hørselshemmedes landsforbund, Oddbjørn Helgås. Han trur mange kommunar unnlet å gjere støymålingar fordi det er normalt at det er mykje bråk i ein barnehage..

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.