NRK Meny
Normal

Støy i privathus, og slagsmål i Sogn

Både i Eid og i Balestrand måtte politiet vitje privatfestar natt til søndag.

Politibil

ROLEG: Det har gått roleg føre seg i Sogn og Fjordane denne helga.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Det er sommar og roleg i Sogn og Fjordane. I alle fall har ikkje Twitter-kontoen til politiet gått varm natt til søndag. Litt kjekling rundt om i fylket har det likevel vore:

I Balestrand oppstod måtte patruljen i området rykke ut til eit bustadhus fordi det hadde oppstått ein krangel der fleire hadde fest.

Laster Twitter-innhold

I Eid vart det klaga på feststøy frå fleire bustadar og politiet køyrde til området. Vel framme var det så roleg som det blir forventa å vere, og politiet kunne gjere vendereis.

Laster Twitter-innhold

På Kaupanger hadde ein bilførar ikkje alt i orden med bilen han køyrde. Den vart avskilta fordi bilen ikkje hadde vore på ein kontroll han var pålagt.

Laster Twitter-innhold

Også i Årdal var det krangel, men her på ein utestad. Politiet fekk melding om krangling og slåsting. Men partane kom på betre tankar før patruljen rakk fram.

Laster Twitter-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.