NRK Meny
Normal

Yssen gjev Kirketeig full støtte

Jarle Kirketeig, som denne veka gjekk ut og fortalde korleis han har blitt mobba og trakassert av leiaren i Fellesforbundet, får no full støtte frå tidlegare LO-sekretær Ingunn Yssen.

Ingunn Yssen

STØTTAR KIRKETEIG: Ingunn Yssen meiner at Jarle Kirketeig har gjort heilt rett i gå ut med kritikken av Magne Ulvatn.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ingunn Yssen, som vart landskjend som kvinna som stod opp mot LO-leiar Gerd Liv Valla sin leiarstil, er full i lovord over utspelet frå mellom andre Jarle Kirketeig.

Han og fleire andre noverande og tidlegare tilsette i Fellesforbundet, har denne veka kome med hard kritikk av leiar Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn.

– Kirketeig er veldig modig. Fordi det er ikkje berre å stå fram og fortelje ei slik historie. Han seier det jo sjølv, han kunne gått frå jobben. Men han vil ikkje gjere det fordi, han ikkje vil overlate dette til nokon etter seg, seier Yssen til NRK.

Ho stod sjølv oppreist i stormen som førte til at LO-leiaren måtte gå av i 2007.

Kirketeig

FØLER SEG MOBBA: Jarle Kirketeig føler seg utsett for mobbing og trakassering av leiaren i Fellesforbundet.

Foto: Bård Siem / NRK

Sterkt kritisk

Både Jarle Kirketeig og mangeårig fagforeningsmann Jan Olav Gjerde, meiner at Magne Ulvatn har hatt ein leiarstil som har vore både mobbande og trakasserande.

– Når ein tenkjer på at ein jobbar i ei fagforeining og går til leiaren sin og spør om å få vere med jentungen på første skuledag, noko ein har rett til etter tariffavtalen, og får beskjed om... skal eg bruke orda ordrett; «No får du faen meg gje deg, det er ikkje vi som betalar for desse ungane dine. Dette får du sende kona di på.», fortalde Jarle Kirketeig til NRK.

NRK har gjort ei rekkje forsøk på å få Magne Ulvatn til å kommentere kritikken, men han har førebels ikkje ønska dette.

– Tungt psykisk

Jan Olav Gjerde har heller ikkje vore nådig i sin kritikk av leiaren i Fellesforbundet.

– Det utvikla seg i negativ retning i form av overdriven kontroll, det var mistenkeleggjering, einskilde tilfelle av utskjelling i plenum. Det gjekk på sjølvkjensla laus til slutt. Sat etter kvart med ei oppfatning av at ein ikkje kunne noko, ikkje var brukande til noko som helst. Det var frykteleg tungt psykisk, meiner Gjerde.

Arvid Langeland

STØTTAR ULVATN: Arvid Langeland i LO, meiner at dei tidlegare og noverande tilsette i Fellesforbundet burde teke opp kritikken internt.

Foto: Bård Siem / NRK

Kallar det uverdig spel

Fylkessekretær I LO, Arvid Langeland, meiner på si side at dei som no har gått ut mot Ulvatn, burde halde kjeft.

– Eg meinar dette her er eit uverdig spel det som foregår. Det er uverdig i forhold til fagrørsla. Eg tykkjer det vitnar om ei offentleg avretting. Kor mykje skal ein tillitsvald tole frå sine eigne. Dei kan varsle internt, meiner Langeland.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå