Hopp til innhold

Lokalt næringsliv har spytta inn 700.000 kroner i tunnelprosjekt

Planane om å realisere tunnelveg opp til Jostedalsbreen i Jølster går framover. Heile 24 verksemder i kommunen har gått inn med over 700.000 kroner i eit nytt selskap som skal jobbe vidare med planane.

Tverrfjellet

UTSYN: Frå toppen av Tverrfjellet er det ei mektig utsikt.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Styreleiar Steinar Dvergsdal gler seg over at så mange er med og støttar prosjektet, som ein håpar skal gjere Jølster ytterlegare attraktivt for turistar.

– Dei små næringsdrivande i Jølster har vorte utfordra på å engasjere seg i det selskapet, og det har dei gjort på ein veldig overraskande, god måte, seier syreleiar i Jostedalsbreen AS, Steinar Dvergsdal.

Trur vegen vil betyr mykje for heile regionen

24 næringsverksemder i Jølster har spytta inn 30.000 kroner kvar i tillegg til kommunen sine 100.000 i dette nye aksjeselskapet.

Dei har trua på eit heilt unikt prosjekt. Ein ni kilometer lang tunnel frå Lunde i Kjøsnesfjorden til toppen av Tverrfjellet til turistmagneten Jostedalsbreen.

Engasjementet lokalt betyr mykje seier ordførar Oddmund Klakegg.

– Her er det nesten 30 næringsdrivande som er samstemde og samde om at dette er eit prosjekt dei vil løfte fram. Dette er eit prosjekt som vil bety mykje, ikkje berre for Jølster, men for heile regionen, seier Klakegg.

Det var Jølster Næringsforum og Jølster kommune som kom opp med ideen i 2012. Initiativtakarane meiner dette vl kunne bli den store attraksjonen for alle som søkjer dei unike naturopplevingane og utsynet over bre- og fjordlandskapet i Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tverrfjellet

SAMARBEID: F.v. Jarle Helgheim, Jølster-ordførar Oddmund Klakegg og styreleiar i Jostedalsbreen AS, Steinar Dvergsdal, vil ha tunnel frå Lundebotn til breen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Er avhengig av finansiering frå styresmaktene

I løpet av året vil prosjektet bli ein del av kommuneplanen i Jølster.

– Vi er komne eitt hakk over startfasen. Vi er komne så langt at vi skal brette opp ermene og få ei god utgreiing, seier Klakegg.

Bretunnel-prosjektet har ein prislapp på rundt 300 millionar.

– Lønsemda vil liggje i at ein her kan dra nye reisande til Norge, og det vil auke attraksjonskrafta til å bu i området. Slik sett er ein avhengig av at norske styresmakter vil vere med og finansiere ein monaleg del av kostnadane med å opparbeide dette, seier Dvergsdal.

Men når turistar og lokalbefolkning kan køyre til breen frå Jølstrasida, er førebels uvisst.

– Det er det vanskeleg å meine så mykje om. Men vi prøver å få avklart så mykje som vi kan, samt få flest mogleg med på laget, seier Dvergsdal.