NRK Meny

Støttar slakting av villreinstamme


Norges Jeger- og Fiskerforbund støttar landbruksministeren si avgjerd om å ta ut heile villreinflokken på vel 2.000 dyr i Nordfjella for å få bukt med skrantesjuka. Den smittsame hjernesjukdomen er påvist på fleire døde rein, og forbundet fryktar følgjene ei vidare spreiing kan få for viltstammar. Regjeringa vil løyve 26 millionar kroner i ekstraordinære midlar til kampen.

Villrein
Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.