Hopp til innhold

Støttar kraftutbygging i Årdal

Fylkespolitikarane har ikkje noko å utsetje på at Småkraft AS får byggje ut Nundalselvi i Årdal. Småkraft vil byggje eit kraftverk som skal produsere 14,1 gigawattimar. Årdal kommune støttar planane. Det same gjer fylkesmannen, som meiner det berre vil vere små til moderate konfliktar med landskap, brukarinteresser og kulturminne.