NRK Meny
Normal

Vil reise statue av krigshelt i Nordfjord – både fylket og departementet seier nei

Den planlagde statuen av krigshelten Oliver Langeland får ikkje økonomisk støtte frå verken fylkeskommunen eller staten. Skammeleg, rasar forfattaren bak boka om den gamle Milorg-sjefen.

Oliver Langeland.

STAUTE: I heimkommunen til Oliver Langeland, Eid, vil ein no reise ein statue av krigshelten. Men dei har fått nei til støtte frå både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Forsvarsdepartementet.

Oliver H. Langeland frå Nordfjordeid var ein av svært få norske offiserar som var uteksaminert frå Krigsskulen si øvste avdeling, og som kjempa aktivt mot dei tyske okkupantane og medløparane deira under andre verdskrig.

Han var sjef for Milorg i Oslo, men vart seinare stempla nesten som ein forrædar då han kritiserte Nygaardsvold-regjeringa og rettsoppgjeret etter krigen.

I heimkommunen i Nordfjord er det teke til orde for å reise ein statue av Langeland, noko Arvid Bryne meiner er heilt på sin plass.

Bryne har skrive boka om Langeland og meiner kritikken han kom med var på sin plass, og at Langeland som ein av landet sine største krigsheltar heilt klart fortener ei statue.

– Langeland reiste stridsfana for eit rettferdig oppgjer og kampen mot urett. Nettopp difor burde han få denne statuen, seier Bryne.

Utskjelt Milorg-sjef

Oliver Langeland vart fødd på Nordfjordeid i 1887 og døydde i Oslo i 1958. Han gjekk krigsskulen, nådde major grad og var frå 1942 til 1944 sjef for Milorg distrikt D13 Stor-Oslo. I denne perioden bygde han det opp til å bli det desidert største Milorg-distriktet i landet med over 7000 mann.

Han kjende dei mykje omtalte motstandsmennene Max Manus og Gunnar Sønsteby, men er sjølv ikkje så kjent for folk flest.

Langeland kjende dei mykje omtalte motstandsmennene Max Manus og Gunnar Sønsteby, men då han kritiserte Nygaardsvold-regjeringa, gjekk hardt ut mot landssvikoppgjeret og tok eit oppgjer med korleis toppar innan kyrkja, politiet, politikken og embetsverket hadde oppført seg under krigen, vart Langeland på mange måtar ein ikkje-person. Han vart han meld til politiet og sett på nærast som ein landssvikar.

Trur ikkje Langeland er akseptert

No vil sentrale personar i heimkommen hans, Eid, gje Langeland ei oppreising i form av ei statue. Men ingen offentlege instansar har så langt vore villige til å støtte prosjektet økonomisk.

Kan det vere at Langeland framleis ikkje er fullt ut akseptert? Dette spørsmålet kjem frå Johan Olav Vereide, leiaren i gruppa som arbeider for å få reist ein bauta av Langeland.

– Det kan vere personar knytte til historieskrivarane som har laga vår etterkrigshistorie som kanskje synest dette er ubehageleg, seier han,

Har fått nei på søknad om støtte

Den planlagde statuen som er tenkt plassert på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid er kostnadsrekna til om lag ein million kroner.

Arbeidsgruppa har sendt søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune, men har der fått nei. Dei har også sendt søknad til Forsvarsdepartementet. Der viser dei til at krigsseglarane endeleg har fått si velfortente oppreising frå Staten, og at det no bør vere Langeland sin tur.

I eit brev frå august i fjor går det fram at Forsvarsdepartementet i utgangspunktet var positive til å gje støtte til minnesmerket. Dei bad om budsjett og ville vite kva utforming bauten skulle ha, og lova at eit endeleg svar skulle kome før påske i år.

Men først etter at mellom andre NRK purra på, kom det i går eit svar frå Forsvarsdepartementet der dei no seier nei til økonomisk støtte.

«Ikkje så eksepsjonell» at dei vil støtte prosjektet

Det er John Olav Vereide er skuffa over.

– Eg må seie eg er både overraska og skuffa. Overraska i forhold til det svaret vi fekk frå departementet i fjor haust der dei signaliserte at dei ville støtte oss, seier han.

I grunngjevinga for avslaget skriv Forsvarsdepartementet mellom anna at dei har ein klar praksis om å leggje krigsinnsatsen til grunn, ikkje andre forhold.
Det blir konkludert med at Langeland sin krigsinnsats ikkje var så eksepsjonell at dei vil støtte prosjektet. Utover dette ønskjer ikkje Forsvarsdepartementet å kommentere saka.

Vereide har på si side ein sterk mistanke om at andre forhold enn det departementet offisielt viser til har vore avgjerande for avslaget.

– Eg får ei kjensle av at det er eit eller anna som framleis skurrar. Det må eg seie, seier han.

– Ikkje noko gale i det

Odd-Bjørn Fure, professor i historie med krigshistorie som spesialfelt, har følgjande kommentar til om det bør reisast eit minnesmerke etter Oliver Langeland.

– Eg vil nok seie det sånn at eg ikkje ville ha teke initiativ til det. Men når nokon har teke initiativ, så synest eg ikkje det er noko gale i om han får ein statue, seier han.

Arvid Bryne

FORTENT: Arvid Bryne som har skriva boka om Oliver Langeland meiner det er skammeleg at det offentlege ikkje vil gje støtte til ein statue.

Foto: Bård Siem

Fure meiner Langeland gjekk for langt i sin kritikk av Nygaardsvoll-regjeringa og rettsoppgjeret.

– Det er interessante synspunkt og noko av kritikken treff. Men som heilskap så skyt ein del av kritikken hans over mål, seier Fure.

– Utan han hadde historia vore annleis

Etter krigen fekk Langland internasjonal heider for innsatsen sin med mellom anna diplom frå sjølvaste Dwight D. Eisenhower, som var øverskommanderande for dei allierte styrkane på vestfronten under andre verdskrig.

Forfattaren av boka om Oliver Langeland er klar i sin tale og meiner det er ei skam at verken fylkeskommunen eller Forsvarsdepartementet vil støtte reisinga av ei statue. Han meiner Langeland er ein av Norge sine største krigsheltar.

– Det er klart han er det. Sønsteby og Max Manus dreiv med sprengstoff og dei gjer seg betre på det kvite lerret på kino som actionheltar. Men utan Langeland ville ikkje historie vore som den er, argumenterer Bryne.

– Lovar fekk tilbakeverkande kraft

Fordi Langeland kritiserte landssvikoppgjeret skulle han kneblast, meiner Bryne.

Langeland skreiv to bøker, der han kritiserte den norske krigsinnsatsen og landssvikoppgjeret beinhardt. Han tok mellom anna til orde for at mange som vart dømde for landssvik vart felte av lovar som hadde tilbakeverkande kraft.

Vidare meinte han at det var feil at passive NS-medlemmer vart dømde for landssvik, medan politikarar og næringslivsfolk som samarbeidde og fekk fordelar med tyskarane, ikkje vart straffa.

– Fordi han gjorde dette skule han straffast av regjeringa Gerhardsen, hevdar Bryne.

Skulle strykast frå historia

I desember 1948 vedtok regjeringa i statsråd å reise injuriesak mot Langeland. Dette er einaste gong i norsk historie ei regjering har gjort noko slikt. Det vart ført ei stor sak som kosta mykje pengar. I starten visste ikkje Langeland kva han var tiltalt for, og det tok lang tid før han fekk nokon forsvarar.

– Langeland vart i hovudsak frikjend. Han måtte trekke attende nokre påstandar. Det var det heile, seier ein engasjert Bryne.

Bryne meiner det er trist og forstemmande at korkje fylkeskommunen eller staten vil gje støtte til reising av eit minnesmerke etter Langeland.

– Langeland var ein heidersmann som fortener full oppreising. Tida er overmoden for det, seier Bryne.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.