NRK Meny
Normal

Støttar ikkje omstilling i Flora

Det er svært skuffande at Senterpartiet og Arbeidarpartiet nedprioriterer omstillingshjelpa til Flora kommune. Det seier leiar av Sunnfjord 2020, Brigt Samdal.

Samdal meiner vedtaket gjev dårleg signal i arbeidet med å skaffe nye arbeidsplassar.

- Eg tykkjer at desse to partia har gitt eit veldig dårleg signal når dei ikkje støttar desse prosessane no, seier han.

Redusert status

Det var hovudutvalet for plan og næring som vedtok at Flora får redusert omstillingsstatus. Dei har vore i kategori 1 dei siste to åra, og fått full oppbacking av Innovasjon Norge i arbeidet med å skaffe nye aktivitetar mellom anna etter krisa ved Kleven. Sunnfjord 2020 er organisasjonane som skal skaffe 1000 nye arbeidsplassar til Sunnfjord innan 2020. Sjølv om Kleven no har full aktivitet igjen, har kommunen sett i gang arbeid med nye arbeidsplassar, og treng hjelp enno nokre år, seier Samdal, som håpar han likevel kan oppretthalde nær kontakt med Innovasjon Norge.

- Dette samarbeidet aktar eg å oppretthalde ved å dra nytte av dei nettverk og kontaktar vi har, seier Samdal.

Får framleis hjelp

No får Flora også økonomisk hjelp sjølv om dei står i kategori 2, men Innovasjon Norge stiller med heile sitt hjelpeapparat i første rekke til kategori 1 kommunar som no blir Vågsøy, Høyanger og Årdal. Alle parti unntatt Ap og Senterpartiet ville at Flora framleis skulle ha den statusen også, men det er fleirtalet som bestemmer.

- Eg tykkjer det er synd at hovudutvalet for plan og næring vinglar slik som dei gjer her, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser