Støttar Håtveit i debatten om homofile leiarar

SOGNDAL (NRK): – KRIK byggjer på dei kristne grunnverdiane og bibelen si lære, og då kan ikkje homofile vera leiarar, seier Per Hilleren. Hilleren er nyvald til bispedømerådet i Bjørgvin og mangeårig leiar i Bondelaget i Sogn og Fjordane.

Per Hilleren i godstolen i stova heime i Sogndal.

TEK DEBATTEN MANGE FRYKTAR: Per Hilleren er vand med å seia meininga si, sjølv om den kan vera upopulær.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Debatten om leiarar i den kristne ungdomsorganisasjonen KRIK (Kristen idrettskontakt) blussa opp, då den profilerte skikøyraren Andreas Håtveit sa i fleire intervju at leiarar i KRIK ikkje kan vera homofile .

I ein Facebook-post gir Hilleren, som i haust vart valt inn i Bjørgvin bispedømmeråd, full støtte til Andreas Håtveit.

– Eg trur mange kristne er veldig samde i det Håtveit seier, skriv og gir uttrykk for i dette her. Eg saknar kristenleiarar og kristenfolk i Noreg som står opp og er tydelege på sin ståstad i akkurat dette synet, seier Hilleren.

– Samanheng mellom liv og lære

Mesternes mester

SKISTJERNE: Andreas Håtveit har blant anna gull i slopestyle frå X Games og ein 4.-plass frå OL. Han var også deltakar i NRK-programmet Mesternes Mester i 2016.

Foto: Roy Darvik

KRIK-styret har vedteke at dei skal løfta opp ekteskapet mellom mann og kvinne som Gud si gode ordning for ekteskapet. Samstundes har dei opna for at leiarane kan ha eit anna syn og ein anna praksis enn KRIK.

Det er den andre setninga her som har skapt bruduljar.

Hilleren seier han aksepterer at folk har ein annan seksuell legning, men at det å leva i eit parforhold ikkje er noko han kan akseptera på bakgrunn av hans kristne tru.

– På ei side seier dei at me skal verna om det klassiske ekteskapssynet, men me bryr oss ikkje meir om det fordi me gjer noko anna og aksepterer andre syn. Det er der det skurrar for meg. Forslaget er ikkje konsekvent i det heile teke, og sprikar i alle retningar.

– Men er det ikkje diskriminerande å nekta nokon å vera leiar på bakgrunn av legning?

– Eg forstår at nokon meiner det er diskriminerande utifrå sin ståstad. Men mange andre meiner det ikkje er det, utifrå dei kristne grunnverdiane og det som står i bibelen. Sidan KRIK er bygd på det, så meiner eg at folk må akseptera det. Det er ingen som ikkje får vera med i KRIK, men som leiarar må me følgja bibelen si læra.

– Veldig ueinig

Ei som definitivt ikkje er einig, er Nora Sætre Baartvedt, som også sit i Bjørgvin bispedømeråd.

– Det er ingenting som tilseier at du ikkje kan vera eit godt kristent førebilete, fordi du er homofil eller i eit sambuarskap, seier ho.

Baartvedt representerer Open folkekyrkje, og var for likekjønna vigsel då den debatten var oppe.

– KRIK skal vera eit lågterskeltilbod, der du skal kunna koma med den trua du har, og ha det kjekt i lag med andre kristne ungdomar. Verken legning eller sivilstatus er gode grunnar for om du kan vera leirleiar eller ikkje.

Redd organisajonen skal gå i vasken

Tidlegare ungdomsleiar i KRIK, Vegard Tjørhom er bekymra for at KRIK skal slite med rekrutteringa grunna utsegn som Håtveit kjem med.

Vegard Tjørhom

BEKYMRA FOR REKRUTTERINGA: – I mine auge er det noko grunnleggjande ukristent i å ekskludere menneske frå å vere med i eit miljø, seier Tjørhom.

Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp

Han meiner det kan skremme vekk ungdomane viss det framstår som at det ikkje er rom for alle.

– Det skal kunne vere ein open debatt, men i KRIK er det idretten og trua som står i fokus, ikkje kva legning eller samlivsordning ein har, fortel Tjørhom.

Han seier at organisasjon har greidd å samle ungdomar i Noreg som er interesserte i idrett frå alle kyrkjesamfunn. Men også nokre som ikkj er kristne som gjennom organisasjonen har hatt høve til å bli kjend med kristendommen på ein god måte.

Første helga i november skal KRIK ha generalforsamling, der saka er venta å skapa debatt.