Hopp til innhold

Meiner kollega går føre med godt eksempel

Forskar Marius Rohde Johannessen er kritisk til at politikarar kommenterer saker på Facebook, men ordførar i Fjaler, Arve Helle får støtte frå fleire etter å ha gjort nettopp dette.

Alfred Bjørlo

STØTTAR ORDFØRAR-KOLLEGA: Alfred Bjørlo meiner Arve Helle ikkje har gjort noko gale når han har svart ein innbyggjar i kommunen på Facebook.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Arve Helle fekk kritikk for å ha svart på ei klage på ein byggjesøknad på veggen sin på Facebook. Ordføraren får støtte frå både sekretær i Hafs-regionråd, Per Arne Tveit og ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

– Viss ein kan få til ein god dialog om styring av lokalsamfunnet med utgangspunkt i Facebook, så synast eg det er veldig bra, seier Tveit.

– Må vere tilgjengeleg

Bjørlo er samd med Tveit, og meiner det er ein viktig jobb for ein ordførar å vere i kontakt med innbyggjarane, samt vere lett tilgjengeleg.

– Eg synest Arve Helle går føre med eit godt eksempel, og gjere ting betre enn dei fleste andre ordførarane i fylket på dette området, seier ordføraren.

– Om ein skal vere så livredd for å ha direkte kontakt med innbyggjarane sine, så trur eg ikkje ein skjønar kva eit moderne lokaldemokrati går ut på, seier Bjørlo.

Han nyttar sjølv Facebook på same måten som Helle, og meiner det er viktig sidan terskelen ofte er lågare for å ta kontakt på sosiale medium, enn i andre fora.

Gir næring til demokratiet

Per Arne Tveit er positiv til diskusjonar om saker som er ferdig handsama eller prinsippsaker, som er viktige for innbyggjarane i kommunen, men meiner ein skal vere varsam med å gå inn i enkeltsaker.

– Det vil vere feil saksgang om politikarane gjekk inn i saka før den var tilstrekkeleg greidd ut og lagt fram frå administrasjonen, det må ein passe seg for, seier han.

Tveit peiker på at dei fleste politikarane han kjenner til er klar over denne grensegangen, og har tru på at dei ser kva dei kan kommentere og ikkje. Han kan ikkje sjå noko problematisk i at Fjaler-ordføraren kommenterte på ei klage som vart posta på veggen sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Helle

KRITIKK: Det er denne Facebook-meldinga forskar Marius Rhode Johannessen meiner er i gråsona for kva ein politikar bør gjere på Facebook.

Foto: Montasje / NRK

– Dette er ikkje ei sak ein gong. Arve Helle har ikkje gjort noko kontroversielt sidan saka var ferdig handsama. Det hadde vore rarare om han ikkje hadde kommentert, seier Tveit.

Han hevdar at mange meiner ein ikkje må blande det politiske og det private, men meiner sjølv det må vere slik, og at det då er viktig at folk tenkjer gjennom kva dei kommenterer.

– Det er vanskeleg å setje opp veldig kategoriske vegsperringar i dette terrenget, seier Tveit.

Fryktar rolleblanding

Marius Rohde Johannessen ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold har forska på sosiale medium i lokaldemokratiet. Han meiner det raskt kan oppstå ei blanding av roller når politikarar kommenterer saker på sosiale medium.

– Det kan raskt bli ei rolleblanding, men sjølvsagt skal ein respektere at nokre ønskjer å ta slike diskusjonar, seier Johannessen.

Han hevdar vidare at så lenge det dreier seg om politiske vedtak, så er Facebook ein veldig god stad for å få ein debatt rundt det som skjer. Uansett er han positiv til diskusjonane som oppstår knytt til bruken av sosiale medium.

– Det er bra det er ein diskusjon rundt dette temaet, seier Johannessen.