Hopp til innhold

Gir si fulle støtte til brannkollegaer etter storbrannen

– Det er lett å vere etterpåklok, seier fleire brannsjefar i Sogn og Fjordane og tek i forsvar brannvesenet i Lærdal.

Fleire hus i Lærdal var tapt allereie klokka 00.50

FULL FYR: Bilete er frå klokka 00.50 natt til søndag, og viser at det første huset som byrja brenne allereie er jamna med jorda. Det same er to nabohus, medan eit tredje (nærast kamera) er i ferd med å bli slukt av flammane.

Foto: Jan Erikstad

Brannvesenet får kritikk frå Bergen etter at dei avventa å ta imot tilbod om hjelp medan storbrannen utarta seg.

Bernhard Øberg

BRANNSJEF: Bernhard Øberg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fleire brannsjefar og 110-sentralen i Sogn og Fjordane tek no brannvesenet i Lærdal i forsvar. 40 bygningar, av desse 17 bustadhus, gjekk tapt i brannen.

– Det er vanskeleg å gå breiare ut tidlegare. Tidleg i startfasen er det kanskje vanskeleg å bedømme kor stor ein brann kan bli, seier brannsjef Bernhard Øberg i Førde.

– Vanskeleg å kritisere

Brannsjefen i eitt av dei største brannvesena i fylket veit ikkje sjølv kva han hadde gjort om han stod midt oppi storbrannen i Lærdal.

– Det er vanskeleg å kritisere i ettertid at ein kanskje skulle gått breiare ut, med å rekvirere meir mannskap og materiell heilt i startfasen, seier Øberg.

Johnny Breivik

KRITISK: Brannsjef Johnny Breivik i Bergen meiner Lærdal burde teke imot hjelpa deira.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Brannsjefen i Bergen er derimot kritisk til at deira første tilbod klokka 2315 om å sende mannskap vart avslått. Som i politiet er det brannvesenet sin innsatsleiar på åstaden som vurderer behovet for hjelp.

– Dei takka for tilbodet, men sa at dei førebels ikkje hadde behov for hjelp, seier brannsjef Johnny Breivik.

– Viktig å ta lærdom

Først halvanna time seinare, då brannen hadde herja i to timar og 20 minutt, vart bergen bedne om å sende folk og bilar.

Magne Igland

BRANNSJEF: Magne Igland i Flora.

Foto: Flora brannvern

– Vi ber ikkje om hjelp før vi meiner det er naudsynt. Då er det som regel for seint. Eg tenkjer det no er viktig å ta lærdom av brannen i Lærdal, seier Breivik. Brannsjef i Flora, Magne Igland trur ikkje brannbefal vegrar seg for å be om hjelp.

– Når ein står med begge beina i det, og ting skjer som i Lærdal, så er det berre å få gjort noko med det. Å få slått det ned så raskt som mogleg, seier han.

Vil ikkje kritisere

Terje Brandsøy

ALDRI PROBLEM: Terje Brandsøy er leiar ved Alarmsentralen i Florø.

Foto: Privat

Heller ikkje Terje Brandsøy leiar Alarmsentralen i Sogn og Fjordane vil kritisere vurderingane som vart gjort av befalet i Lærdal.

Han var også med i arbeidet med å skaffe mannskapa innsatsleiaren ba om.

– Etterkvart som vi såg utviklinga, så var vi med å styre og sende inn. Det var aldri noko problem med å få på plass innsatsstyrkar i det tilfellet, seier han.