NRK Meny
Normal

Stortingsrepresentant reagerer mot store overskot på drift av asylmottak

Dei tre største private aktørane som driv asylmottak tener store pengar. Driftsoverskotet dei siste fem åra er på 274 millionar kroner og eigarane har teke ut 72 millionar kroner i utbyte.

Karin Andersen i vandrehallen på Stortinget

KRITISK: Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) vil ha eit nytt system for drift av asylmottak.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Det skjer samstundes som den blå regjeringa kuttar i støtta til dei som bur på dei spartanske asylmottaka. Stortingsrepresentant Karin Andersen frå SV reagerer sterkt. SV tek no initiativet å leggje ned heile anbodssystemet for drift av asylmottak.

– Dette viser at det å legge ut drift av mottak ut på anbod ikkje kan fortsette slik den er no, seier Andersen.

SV politikaren vil at systemet skal byggjast om, og få på plass eit system med fast mottaksstruktur.

Det kan vera eit system der anten staten eller kommunen eig mottaka. Eller det kan vera eit system der anboda vert avgrensa til frivillige non-profitt aktørar.

Per Erik Lykstad

DRIV MOTTAK: Per Erik Lykstad, dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Eg søv godt om natta fordi eg veit at det er eit veldig godt tilbod bebuarane vore har, seier Per Erik Lykstad.

Lykstad er dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift og var tidlegare denne veka på besøk i Jølster. Der argumenterte han sterkt for at kommunen vil tene gode pengar på eit planlagt asylmottak i kommunesenteret Skei. Han nemnde ikkje at hans selskap tener store summar på å drive asylmottak.

Overskot og store utbytte

Dei tre største private aktørane i det norske asylbransjen er Hero Norge AS, Norsk Mottaksdrift AS og Link AS. Dei siste åra har dei hatt ei driftsoverskot på til saman 274 millionar kroner, og har teke ut 72 millionar i utbytte.

Tor Brekke

STOR AKTØR:Tor Brekke, administrerande direktør i Hero AS

Foto: Alf Vidar Snæland

Hero AS er heilt klart den største aktøren, og eigarane bak selskapet har aleine teke ut 59 millionar kroner i utbytte. Administrerande direktør i Hero Tor Brekke meiner at pengane som er blitt tatt ut er heilt legitimt.


– Det har vore nøkterne utbytter i Hero over mange år, seier Brekke.

Pengane bør brukast på å auke kvaliteten

Andersen meiner pengane i utgangspunktet er meint til å drive mottak på ein god måte slik at ein kan ha god kvalitet på mottaket. Pengane bør òg brukast til å betre arbeidsforholda for dei som jobbar der. Det er viktig for at integreringa skal gå så bra som mogleg, synest Andersen.


– Eg er veldig skeptisk til at så mykje pengar som er meint til drift av asylmottak går til utbytte i private selskap. Då er det betre at kommunane driv mottaka og at pengane går inn igjen i drifta, dersom det blir noko overskot, seier Andersen.

Helge Andre Njåstad

VIL IKKJE GRIPE INN: Helge Andre Njåstad (Frp)

Foto: Arve ¯fstaas
Ingen grunn til å endre systemet


Drifta av asylmottak er kommunalkomiteen på Stortinget sitt ansvarsfelt. Leiar i komiteen Helge Andre Njåstad (Frp) ser ingen grunn til å endre dagens anbodssystem ved asylbransjen.


– Marknaden regulerer desse tinga fint sjølv, og det siste me treng er at staten eller kommunen skal drive det berre fordi at private tener pengar, meiner Njåstad.


Basert på erfaring vert det dyrare dersom kommunane skal drive mottaka. Det er fordi det offentlege ikkje klarar å drive like effektivt som dei private seier Njåstad. Han synest det er viktig med konkurranse på slike tenester for å halde kostnadane nede for skattebetalarane.

Dårleg standard


Opp gjennom åra har det vore mange medieoppslag som viser dårleg standard på asylmottak. Tor Brekke i Hero vedgår også at forholda for asylantane enkelte stader kunne ha vore betre, men legg til at dette hovudsakleg er staten sitt ansvar.


– Det er ikkje noko luksusliv å bu på asylmottak, men det er i stor grad staten som styrer det, seier Brekke.


Til spørsmål om kva driftsoperatørane kan gjera sjølv for å auke standarden seier Brekke at det er feil å ta utgangspunkt i at standarden er dårleg. Den er tvert imot veldig høg og staten får i stor grad det dei ber om. Det handlar om riktig pris og riktig kvalitet. Brekke synest også at påstandane om at eigarane bak Hero og han sjølv tener seg rik på asylsøkarar er eit merkeleg perspektiv.


– Det er ikkje slik at ein person si lønn har noko å seie for kva asylsøkjarane får, meiner Brekke.


Vil ta saka opp i Stortinget


Karin Andersen i SV vil ta saka opp i stortinget for å endre regelverket for kven som kan drive asylmottak.


– Me får sjå om me får gjort noko til statsbudsjettet no, men eg trur det beste er å fremme eit eiga forslag slik at me kan få ein separat diskusjon om akkurat dette seier Andersen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser