Hopp til innhold

Stortingskandidat sett ut av spel midt i valkampen

MDG sin førstekandidat i Sogn og Fjordane Stein Malkenes må ta seg ein pause frå valkampen etter eit falluhell på småbruket sitt.

Stein Malkenes

SLÅTT SEG: Stein Malkenes har slått hovudet i ei steinkai.

Foto: privat

– Det er bra vi er eit parti som ikkje er så oppteken av fasaden, humrar Malkenes, og syner til at han ser ganske forslått ut om dagen.

Denne veka hadde politikaren nemleg ei fallulukke der han slo seg ganske kraftig.

– Eg ramla med hovudet først ned i steinkaia, og slo meg skikkeleg. På småbruket mitt Naaven er det ikkje veg, så det blir mykje aktivitet opp og ned i båt. Då kan slike ting som dette skje.

Malkenes har allereie måtte avlyse ein debatt han skulle ha vore med på i Eikefjord i helga, og det ser også mørkt ut for valdebatten som NRK Sogn og Fjordane skal dekke i Leikanger på tysdag.

– Eg skal til legen i morgon, så veit eg meir om kor mykje eg kjem til å glipp av. Det ser ikkje heilt lovande ut det her.

Stein Malkenes i båt

MYKJE I BÅT: Stein Malkenes har villsau på eit veglaust småbruk. Difor brukar han mykje båt. Det var i samband med arbeid på ei flytebryggje at uhellet skjedde denne veka.

Foto: Oddleiv Apneseth

Surt å ikkje få prata med veljarar

Tidspunktet for skaden kunne nesten ikkje ha kome på eit verre tidspunkt for den aktive politikaren. Han tykkjer det er surt at no går glipp av ting.

– Når du er førstekandidat til Stortinget må du ut og prate med folk. Det er veldig surt at eg no går glipp av moglegheiter til å treffe veljarar. Det er i alle fall bra at eg får dette høvet til å forklare situasjonen til folk gjennom NRK, det set eg pris på.

Malkenes understrekar likevel at Miljøpartiet dei Grøne har fleire folk som kan stille opp og gjere ein innsats medan han sjølv er sjukemeldt.

– Også håpar eg at eg kjem tilbake så fort som mogleg. Eg har berre eitt auge for tida, men eg skal i alle fall prøve å glimt i det eine auget.