Framstegspartiet vil ha meir enn ein milliard friske kroner, seier leiar i sosialkomiteen og helsepolitisk talsmann i Frp, John Alvheim.
Sprik mellom partia
Sjølv om det altså er fleirtal i Stortinget for å plusse på til sjukehusa i revidert nasjonalbudsjett, er det sprik mellom partia om beløp.
Senterpartiet krev ein milliard kroner ekstra, fortel fylkesleiar Knut M. Olsen.
Frå før har landsstyret til Arbeidarpartiet vedteke å arbeida for å plussa på med ein halv milliard kroner i revidert budsjett. Dessutan krev AP ytterlegare 1,5 milliard kroner i statsbudsjettet for neste år.