NRK Meny
Normal

Stortinget vil gi meir pengar til å forske på bruer

Nye vedtak frå Stortinget kan gjere det lettare å bygge bruer der det går ferjer i dag.

Broteknologi skal gi billigere broer

Det er fire år sidan politikarane bestemte seg for å gå for ferjefri E39. Sidan då har prisen på vegen gått frå 150 til 340 milliardar kroner.

Leidulf Gloppestad tapte kampen om at E39 skulle leggast om Gloppen og forbi ferjesambandet Anda-Lote.

No går stortinget inn for å utvide ferjeavløysingsordningar for riksvegar til 40 år, utvide tida for bompengar og bruke meir pengar på å utvikle ny teknologi for å bygge bruer over fjordar.

Det gir ordføraren håp om at dei kan få til ei bru likevel.

– Det gjer at vi kan tenke økonomi på ein heilt annan måte enn vi gjer i dag, seier ordføraren.

Anda-Lote

DRØYMER OM BRU: Mellom Anda og Lote vil politikarane gjerne ha bru i framtida. Dei lange avstandane over fjordane gjer at ein gjerne må bruke annan teknologi for å få bruene til å bli trygge.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Forstår at folk er skeptiske

Det er ikkje første gong folk i Nordfjord høyrer snakk om bru i staden for ferje. I år er det val, det gir folk i ferjekøen på Anda mindre tru på vedtaket.

– Vi steller oss til det som er i dag, så får vi ta det som det kjem. Politikarane er ikkje så veldig til å stole på, seier Richard Røssland

Ferjeavløysingspengar betyr at pengane staten brukar å betale for ferjer, blir brukt å betale for bru i staden for. No har stortinget bestemt at ein kan ta pengane ein ville brukt i 40 år som finansiering.

På Anda-Lote kan det bli opp til 3 milliardar kroner. Saman med pengane folk brukar for å betale ferja, er det god sjanse for å få råd til å bygge ei bru over Nordfjorden, meiner politikar i Kristeleg folkeparti, Tore Storehaug.

– Dette er ikkje berre kjekt, det er kjempekjekt. At alle partia gjekk inn for det, betyr at det heilt sikkert blir forankra og teke med vidare, meiner Storehaug.

Håpar å bli pilotprosjekt

Leidulf Gloppestad

ORDFØRAR: Leidulf Gloppestad er ordførar i Gloppen kommune. Han trur dei har sjanse til å få Lote-Andre inn som pilotprosjekt for å byte ut ferje med bru.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordførar i Gloppen vil kjempe for at dei skal vere med inn i kampen for å vere pilotprosjekt med bru i staden for ferje.

– Her har vi ei strekke som ligg klar. Det er ein klart definert kostnad i ei ferje som går kvar dag til evig tid. Eg meiner Anda-Lote ligg godt an til å bli pilotprosjekt, seier Leidulf Gloppestad.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast