NRK Meny
Normal

Stortinget leverte feil «startpakke» til den ferske stortingsrepresentanten

Tore Storehaug (KrF) flytta søndag inn i leilegheita som Stortinget har ordna, men den såkalla «startpakka» dei får hadde nokre manglar.

Tore Storehaug si startpakke frå Stortinget

SMÅTT: Det renn ikkje akkurat over i kjøkkenhylla til Tore Storehaug i den nye leilegheita i Oslo.

Foto: Privat

Tore Storehaug

Tore Storehaug (KrF).

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Då eg kom inn i leilegheita stod det ein kasse frå IKEA. I den var det ein middagstallerken, ein frukosttallerken, ei skål, ein kaffikopp og ei presskanne, i tillegg til ei dundyne som var veldig god, seier Storehaug til NRK.

Eit sett med alt ein treng av bestikk og slikt var også med i pakken.

Tore Storehaug (KrF) fekk utjamningsmandatet og den fjerde plassen på Stortinget frå Sogn og Fjordane etter valet. Ein posisjon Sveinung Rotevatn (V) har hatt dei fire siste åra.

Ein feil

Leilegheita ligg sentralt i Oslo og er nyoppussa. Men det er ein overgang frå å ha budd i heimekjære omgjevnadar i Dale i Sunnfjord med kona.

– Første tanken som slo meg då eg kom til Oslo på søndag og såg pakken frå IKEA var at dette livet her kom til å bli einsamt, seier Storehaug.

Men, det viste seg at det var gjort ein feil med leveringa av «startpakken».

Tore Storehaug si startpakke frå Stortinget

No er det litt fullare i kjøkkenhylla til Tore Storehaug.

Foto: Privat

– Etter eit par dagar tok dei kontakt og eg fekk tre til av kvar, så no har eg fire av kvar ting, seier Storehaug og ler.

Og dagen han fekk den andre leveringa kunne ikkje ha passa betre.

– Same dag som eg fekk det så hadde veslesøstera mi som studerer til å bli lærar i Oslo, låst seg ute av leilegheita si, så då måtte ho sove her. Då hadde eg nok skåler til at vi kunne eta litt is i lag, fortel han lattermildt.

Han er fersk på Stortinget, men så langt trivst han godt.

– Å få ein startpakke som dette har vore veldig god service frå Stortinget. Eg skal på IKEA å handla ting for å gjera det meir heimekjært etter kvart, seier han og legg til.

– Det er mykje å læra, men eg vert godt følgt opp av Stortinget. På det praktisk har det vore veldig «sytalaust» som vi ville sagt i Sunnfjord.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.