NRK Meny
Normal

Klart for storstila bompengeprosjekt - Stortinget har vedteke Førdepakken

Stortinget vedtok seint i går kveld Førdepakken.

Førdepakken
Foto: Fordepakken.no

Dette betyr at vi kan gå i gang med å realisere trafikkpakken til 1,65 milliardar kroner. Den vil modernisere og utvikle trafikken i Førde, seier ordførar i Førde, Olve Grotle.

Det er knappe to veker sidan regjeringa sa ja til Førdepakken. No er det klart at det skal krevjast inn éin milliard kroner i bompengar for å ruste opp vegane i og rundt Førde. Totalprisen er på 1,65 milliardar i 2015-kroner.

Gjer seg klar for trafikken som vil komme

Grotle har kjempa for Førdepakken sidan han vart ordførar for fire år sidan, og legg ikkje skjul på at det er gjevt å endeleg kunne realisere noko ein har tenkt på lenge.

– Vi kan få på plass nye vegar, sykkel- og gangvegar, og vi kan få modernisert Førde på ein måte som ein aldri har hatt moglegheit til før, seier Grotle.

Han er tydeleg på at dette betyr mykje for utviklinga av Førde som by.

Olve Grotle

GLAD: Ordførar i Førde, Olve Grotle, jublar over at Førdepakken gjekk gjennom i Stortinget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette betyr at vi riggar oss til for den trafikken som alle reknar med vil komme, og som ville vore kvelande dersom vi ikkje fekk gjort noko med den, seier Grotle.

Han peikar på at ein også vil få høve til å utvikle delar av Førde, som ein i dag ikkje får utvikla fordi det ikkje er vegar der som kan handtere trafikk, seier Grotle.

Er eit rekordraskt prosjekt

Det har vorte jobba aktivt med Førdepakken i fire år, noko som gjer Førdepakken til eit rekordraskt prosjekt, samanlikna med mange andre.

– Førdepakken er ein av dei bypakkane som har hatt raskast fart gjennom systemet. Vi er svært glade for at vi fekk det gjennom så raskt, og det er naudsynt, seier Grotle.

Fleire har vore svært kritiske til bompengar, noko Grotle har forståing for.

– Alle er samde om at bompengar er noko herk, men det er ikkje mogleg å få til dette prosjektet utan, seier Grotle.

Men sjølv om Førdepakken er i boks, er det framleis nok å jobbe med.

– Vi kjem no til å intensivere arbeidet med den andre store trafikkutfordringa vi har, nemleg E39, seier Grotle.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.