Hopp til innhold

I leiinga til pause - tapte 4-2 i Bodø

Kveldens kamp på Aspmyra stadion enda 4–2 til Bodø/Glimt. Sogndal si tippeligaopning kan minne om fjorårets.

– Denne opninga er heilt lik den vi hadde i fjor, men eg er ikkje roleg av den grunn. Vi treng poeng, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen.

Til pause var Sogndal i leiinga etter to scoringar av Ulrik Flo. Etter kvilen utlikna Bodø/Glimt til 2–2. Laget frå nord fekk ballen i nettet to gongar til i løpet av andreomgang og stillinga enda 4–2 til Bodø/Glimt.

Sogndal må difor reise heim utan poeng i bagasjen.

– Det er klart at det svir litt, men spelarane gjorde så godt dei kunne, seier Olsson.

Fleire spelarar ute

Jonas Olsson

UTAN POENG: Jonas Olsson gjorde det beste han kunne med dei spelarane han hadde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi skapar dessverre ikkje så mange målsjansar framover. Det var to veldig flotte langskot frå Flo, men utanom det klarar vi ikkje skape så mykje og er veldig tynne offensivt, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen.

Fleire av Sogndalspelarane har slite med skade og både Azar Karadas og Hannu Patronen er framleis ute.

– Begge dei har hovudskadar, og det tek si tid å lækje. Det er ikkje så mykje å gjere med, sa assistenttrenar Tom Mangersnes før kampen.

I tillegg er Eirik Skaasheim framleis ute med ein strekk.

Før kampen vart det gjort større omrokeringar i forsvaret, men Olsson trur ikkje det hadde mykje å bety.

– Vi hadde dei spelarane vi hadde og forsøkte å gjere det beste ut av det. Eg er stolt over den prestasjonen som dei gjorde.

Olsson seier tre-poeng i neste runde vil vere svært viktig for Sogndal.

– Vi skal spele 30 rundar, men vi veit at det er ein tøff serie, men vi gjer alt vi kan, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo feirer scoring

FEIRING: Ulrik Flo feirer scoringa.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Fortent gul siger

– Det var fortent. Vi styrer kampen frå start til slutt. Vi gjer det litt vanskeleg for oss sjølv når vi får to skot på mål mot oss, men vi dreg det i land til slutt på ein god måte, seier Bodø/Glimt-spelar Kristan Brix.

Ulrik Flo som også scora mål førre runde hadde skotfoten på si side under denne kampen også. Begge scoringa kom frå stryningen.

Laget til Olsson låg ei stund an til å ta poeng, men det varte ikkje lenge.

– Så lenge vi jobbar hardt og gjer det vi skal på kamp, så kan vi ikkje gjere så veldig mykje meir, seier Olsson.

No ser han fram til å møte Strømsgodset på heimebane i neste runde.

– Då kan det hende vi har fått tilbake nokre av spelarane igjen også, seier svensken.

KAMPREFERAT:

Laster innhold, vennligst vent..

Laget: Mathias Dyngeland, Bjørn Inge Utvik, Gustav Valsvik, Logi Valgardsson, Ruben Holsæter, Petter Strand, Helge Haugen, Ulrik Flo, Ørjan Hopen, Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo.

På benken finn vi Erik Dahlin, Taijo Teniste, Rune Bolseth, Tim Nilsen, Tonny Brochmann og Kristoffer Nesse Stephensen