Hopp til innhold

Stortap for Sogndal

Sogndal hadde mykje av spelet, men eit dødeleg effektivt Nybergsund-Trysil knuste sogndølene 4-1.

Sogndal-Nybergsund-Trysil
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Midt i fyrste omgang tok gjestene frå Hedmark leiinga 1-0, men like før pause slo Sogndal tilbake då Ulrik Flo skåra etter ei flott vending.

- Meir effektive og sterkare

Sogndal hadde presset fyrste del av andre omgang, men etter 63 minuttar byrja det å renna inn bak. Dei to fyrste skota hedmarkingane hadde på mål i andre omgang gjekk inn, og i løpet av eitt minutt stod det plutseleg 1-3. Det siste kom etter ein horribel tversoverpasning i eige forsvar av Mohammed Sesay.

Sogndal-Nybergsund-Trysil
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Drygt ti minuttar seinare kom 1-4-målet, og det vart sluttresultatet i treningskampen i Sognahallen. Stian Lund, Remon Mendy, Lars Fuhre og Bjarne Ingebretsen skåra for Nybergsund-Trysil.

Stygge siffer for Joe Bendik, den amerikanske keeperen som er på prøvespel og stod andre omgang. Men samtlege mål mot kom fyrst og fremst etter dårleg markering og generelt svakt forsvarsspel.

- Nybergsund er klart mest effektive, fysisk sterkare, meir fandeninvolske og vinn duellane. Det er vel den største skilnaden på laga. I banespelet er det rimeleg jamt, seier sogndalstrenar Harald Aabrekk.

Lovar ikkje Cisse kontrakt

Lyspunktet på ein dårleg dag var det flotte målet til Ulrik Flo rett før pause.

Ulrik Flo
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Eg fekk ein fin ball frå Cisse akkurat der eg ville ha den. Så fekk eg vendt opp og skaut med skeiva. Eg hadde ikkje tru den skulle gå inn, men den sneik seg i lengste.

Cisse har skåra i begge dei to føregåande treningskampane, og hadde målgjevande i dag. 19-åringen frå Senegal er på prøvespel, men Aabrekk vil ikkje lova han kontrakt enno.

- No skal me evaluera kampen og resten av tida han har vore her. Så får me sjå om han skal vera med oss vidare. Eller i alle fall gje han eit klart svar når me har fått analysert kampen.

Furebotn på høgreback

Henrik Furebotn hadde ei uvanleg rolle som høgreback mot Nybergsund-Trysil. Men det er ikkje noko forsøk på å omskulera årdølen, forsikrar Aabrek.

- Me er litt "short" på spelarar no, og særskild har det gått utover backrekkja. Mange av spelarane som er ute, ventar me tilbake om kort tid. For Henrik er midtbanespelar, han.

- Alle må ta nederlaget

Neste helg er det klart for ny treningskamp mot Ålesund. Aabrekk seier heile laget må løfta seg framover.

- Me ser ikkje svart på det no i januar. Det er i april poenga byrjar å telja, og då må me vera klart skarpare enn i dag.

- Nokre spelarar du tykkjer skiljer seg ut på ein dårleg dag?

- I dag skal me alle vera med å ta nederlaget, så får me sjå om me klarar å retta det opp i lag også.

Om lag 250 tilskodarar såg kampen i Sognahallen

Sogndal stilte med: Piotr Leciejewski, Halvor Fretland, Ahyee Aye Elvis, Even Hovland, Mats Solheim, Henrik Furebotn, Tommy Øren, Mohamed Sesay, Ole Jørgen Halvorsen, Espen Olsen, Valtter Laaksonen.

Innbytarar: Ulrik Flo, Moustapha Cissè, Thomas Ness, Joe Bendik.