NRK Meny
Normal

Stortalentet var endeleg på veg tilbake - så kom ein ny alvorleg skade

Sogndal møter i dag Nest-Sotra på heimebane, men utan Kristoffer Ryland (19).

Kristoffer Ryland

VELDIG, VELDIG UHELDIG: Medisinsk leiar i Sogndal, Yngve Myhre, seier Ryland har vore veldig, veldig uheldig. Her er Ryland i samtale med Marius Bøe, toppspelarutviklar og trenar for andrelaget, etter ein kamp.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Sogndal har så stor tru på stortalentet Kristoffer Ryland (19) at dei henta han skada hausten 2014. Når han endeleg var på veg tilbake for fullt, fekk han ein ny smell.

– Denne var tung å få rett i trynet etter eg har vore ute sopass lenge med korsbandskaden. Det er tungt. Maks uflaks, seier Ryland.

Ny alvorleg skade

Sogndal henta den lynraske venstrekanten frå Florø hausten 2014, til trass for at han då sleit med skader på både korsband og menisk i venstre kne.

Etter om lag eit år med knallhard opptrening, har Ryland fått speletid både i treningskampar og på andrelaget til Sogndal på seinsommaren. Og nyleg var det nettopp i ein slik tredjedivisjonskamp det gjekk gale. Denne gongen i høgre ankel.

– Han vart takla og fekk ei vriding. Han har roke eit band som skal halde ei scene på plass i ankelen, seier Yngve Myhre, medisinsk leiar i Sogndal.

Kristoffer Ryland

JUBEL: Her jublar Kristoffer Ryland saman med ein lagkamerat etter scoring for Sogndal 2.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

– Han har vore veldig, veldig uheldig

I morgon går turen til Idrettens helsesenter i Oslo for operasjon. Myhre anslår at Ryland blir ute i tre til fire månadar, men sender likevel med ein god beskjed på vegen til hovudstaden.

– Han har vore veldig, veldig uheldig. Men operasjonsresultata pleier å vere gode for denne typen skader, med gode prognosar, seier Myhre.

Han fortel at Peter Aase er ute med ei forkjøling, men at Eirik Bakke elles har fullt mannskap å velje i til kveldens kamp mot Nest Sotra.

  • Følg kampen her:
Laster innhold, vennligst vent..

Mister viktige utviklingsår

Ryland har framleis har trua på at han skal ta steget opp på toppnivå, men seier skadane dei to siste åra kjem på verst mogleg tidspunkt.

– Det er kanskje nokre av dei viktigaste åra som fotballspelar som har gått i vasken for meg, men eg er framleis motivert for å gjere alt eg kan for at eg skal nå lengst mogleg. Det er berre å bite i det sure eplet og halde fram jobben.

For etter den nedslåande beskjeden ser venstrekanten no framover.

– Det var tungt. Eg trengde nokre dagar for å kome meg opp igjen. Men eg likar å tru sjølv at eg er ganske sterk i hovudet, så eg skal klare dette her. No er det berre å jobbe seg opp att til neste sesong, seier Ryland.

Like før den første skaden i fjor vår, gjekk ungguten også glipp av debuten på G19-landslaget på grunn av påmeldingsrot.

– Det har ikkje vore heilt lite det siste halvanna året. Eg håpar uflakskontoen er fylt opp for ei stund framover, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune