Stortalent vel neppe Sogndal

Fylkets to største fotballtalent er for gode for 4. divisjon og for unge for eliteserien. Dermed vel Peter og Stefan Aase Molde eller Aalesund framfor Sogndal.

Peter Aase (t.v.), Eirik Bakke og Stefan Aase

TALENT: Peder (til venstre) og Stefan (til høgre) er kanskje dei beste 15-åringane fylket har sett sidan Eirik Bakke (i midten) var på same alder.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det dumme er at dei ikkje har noko kamptilbod for oss. 4. divisjon blir for dårleg for oss no, seier Stefan Aase (15), før tvillingbroren Peter føyer til:

- Og i eliteserien er nok nivået for høgt for oss. Der får vi lite speletid.

Briljerte for Sogndal

Tvillingane spelte måndag kveld treningskamp for Sogndal, saman med andre lovande hospitantar som klubbkameraten Martin Solheim-Olsen og Vegard Dyrstad frå Dale.

Peter spelte førsteomgang og fekk ein stri tørn med å ta hand om Sogndal sitt einsidige langpasningsspel.

I andreomgang vart han bytt med broren Stefan, og då spelet etter kvart kom ned på bakken kom han til sin rett. Først ved å skaffe eit straffespark, og så ved å fastsetje sluttresultatet til 3-1.

Molde eller Aalesund

Men det kan blir siste gongen dei to Florø-gutane spelar for Sogndal. For medan førstelaget til Sogndal rykka opp til eliteserien, rykka andrelaget ned til 4. divisjon.

Dei to 15-åringane er godt etablerte i 3. divisjon for Florø, og er ikkje freista av å gå ned eit hakk.

- Det mest sannsynlege no er at me blir verande i Florø eitt år til, eller at me reiser til Molde eller Aalesund. Dei har rekrutteringslag i andre- og tredjedivisjon og kan gje oss eit godt kamptilbod. Me har frist til 1. mars med å bestemme oss, seier Stefan Aase.

Sogndal vil ha dei

Etter Stefan si oppvising i andreomgang kunne ikkje Harald Aabrekk skjule at han er interessert i desse spelarane.

- Det er gode spelarar, og me vil vere eit fylkeslag som utviklar dei beste spelarane i fylket, seier Aabrekk.

- Men kva seier du til at dei ikkje tykkjer kamptilbodet er godt nok?

- Det er andre lag i nærområdet vårt som ligg på eit høgare nivå enn vårt andrelag. Så kan me vere ein trening- og treningskamparena. Men eg forstår at kamptilbodet er viktig for dei og vel dei noko anna enn oss har eg respekt for det, seier Aabrekk.

Vil spele saman

Peter og Stefan Aase skal no på fleire gjesteopphald framover. Vålerenga, Viking, Brann, Aalesund og Molde er alle på lista over interesserte klubbar.

Men uansett om dei bestemmer seg for å bli i Florø eller reise vidare, så gjer dei det saman.

- Slik blir det. Vi likar å spele og trene saman, seier Peter Aase.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.