Om lag 20 husstandar i byggefeltet Olmenhagen i Utladalen er blitt oppmoda om å evakuera frå husa sine etter at eit stort steinras har demt opp elva Utla. Store vassmassar har samla seg opp bak steinrasdemningen.
Dramatisk
- Situasjonen har vore dramatisk, men no ser faren ut til å avta, seier teknisk sjef i Årdal kommune, Jan Roy Dalheim.
- Elva har forsiktig byrja å grava seg gjennom steinmassane, og dersom det ikkje kjem ytterlegare store nedbørsmengder eller at det går nye ras, så trur eg dette skal gå bra, seier Dalheim. Gravemaskiner frå Årdal kommunen arbeider i kveld med å få ut vassmassane på ein kontrollert måte.
Ingen skadde
Det ikkje meldt om skadde i raset, opplyser politiet som fekk melding skredet like før klokka 16.30 fredag. Det store raset har sperra ein gang- og sykkelveg.
Teknisk etat i Årdal kommune fekk folk til staden innan kort tid. Klokka 16.50 kontakta brannsjefen i kommunen politiet og ba om hjelp til å evakuere fleire husstandar i området.