Hopp til innhold

Slo full alarm etter stort snøskred

Søket etter personar i snøskredet ved Hodlekve skisenter i Sogndal er no avslutta.

Leiteaksjon

HODLEKVE SKISENTER: Leitemannskap samla seg etter avslutta leiteaksjon ved Hodlekve skisenter.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK

Det var lenge uvisst om det var personar i skredet ved Hodlekve skisenter. Søket er no avslutta.

– Det er søkt ferdig og det er ikkje funn av personar i skredet, seier Rune Jansen ved operasjonssentralen til politiet i Florø.

Nær 20 personar var med på søket.

– Vi fekk melding om skredet kl. 14.45. Politi, Røde Kors, luftambulanse og redningshund var med på søk. Det var uavklart om det var personar i skredet, seier innsatsleiar Magne Straumstein.

Røde Kors var først på staden. Dei kunne ikkje sjå spor i skredet som skulle tilseie at nokon var tatt.

– For å vere på den sikre sida tok vi ein runde med sjekk for å konstatere at det ikkje var folk, seier Straumstein.

Skred

SLO FULL ALARM: Det var dette skredet ved Rindabotn, i retning Blåfjell, som gjorde at det blei slått full alarm.

Foto: SKREDGRUPPA

Fekk god trening

Skredet gjekk på toppen av skiheisen ved Rindabotn i retning Blåfjellet, og var på om lag 70 x 150 meter.

– Det var skisenteret som melde frå om raset, seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø, Espen Gulliksen.

Til all hell var det ikkje personar i skredet, men sjølve aksjonen var god trening for alle involverte, meiner innsatsleiaren.

– Det er veldig viktig for oss med trening og samkøyring. Ved eit skred er det avgjerande at ein er tidleg ute. Då må ting fungere optimalt. I dag gjekk det godt, men det er utfordrande med avstand for å samle ressursane, seier han.

Snøskredvarslinga til NVE opplyser at det er betydeleg snøskredfare i indre Sogn. På ein skala frå ein til fem er åtvaringa på tre.

Røde Kors

20 PERSONAR MED: Nær 20 personar var med i leiteaksjonen ved Hodlekve skisenter i Sogn.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK