Blei augevitne til det kraftige snøskredet i Nordfjord

Eit stort snøskred sperrar no folk og fe inne i Oldedalen i Nordfjord. Skredet var så kraftig at det gjekk over isen og opp på andre sida av dalbotnen.

Snøskred i Oldedalen 1. februar 2019

SÅG SKREDET: Dagfinn Gytri blei vitne til at det store snøskredet losna frå fjellsida og dundra nedover mot gardane på Sunde og Gjerde.

Foto: Dagfinn Gytri

– Det var heilt tilfeldig at eg såg skreda då eg var ute på tunet, fortel augevitne Dagfinn Gytri til NRK.

Kraftige fonnvindar på søraustleg retning har truleg utløyst skredet. Til alt hell blei verken bilar eller folk tatt av skredet, som no sperrar fylkesveg 724 gjennom Oldedalen.

– Det er stor skredfare i området og vegen er stengd. Det blir gjort ei ny vurdering laurdag morgon klokka ni, opplyser Statens vegvesen til NRK.

Kona var på veg heim

Det er store snømengder i fjellet i Nordfjord og med den jamne vinden som har vore dei siste dagane er det fare for fleire skred, meiner erfarne bygdefolk NRK har snakka med.

– Skredet som gjekk i ettermiddag blir kalla Breiskreda, men det er ikkje ofte det går. Kona min var på veg heim då skreda gjekk. Men til alt hell er ingen tatt, verken bilar eller folk, seier Rogeir Haugen til NRK.

Vegen rydda og stengd igjen

Oldedalen er eit populært turistmål om sommaren. På vinteren er det stort sett bygdefolk som brukar fylkesvegen gjennom dalen, men skreda gjekk akkurat då folk var på veg heim frå jobb.

– Det stod mange bilar på kvar side av skredet. Så blei det rydda for gjennomkøyring, men no er vegen stengd igjen, fortel Dagfinn Gytri.

HER GJEKK SKREDET: Skredet gjekk like ved Sunde bru i Oldedalen. Skredfaren er stor i området, meiner bygdefolket.