Hopp til innhold

Stort snøskred sperrar fylkesveg

Tre snøskred sperrar fylkesveg 614 gjennom Magnhildskaret i Bremanger. – Vegen blir stengd i natt, og det blir ny vurdering i morgon tidleg, seier Vidar Solheim hos Statens vegvesen.

Magnhildskaret

Snøskreda vart varsla kring klokka 15.

Har du bilete av skredet? Tips oss.

– Det største skredet er kring 50 meter breitt, i tillegg til to mindre i ti meters breidde. På det høgste er skreda to meter høge, fortel Vidar Solheim i Statens vegvesen.

Fylkesveg 614 er no stengd grunna raset. Fylkeskommunen sette klokka 1730 opp båt frå Florø til Villevika for å ta unna noko av pendlarane. Frå Villevika gjekk det buss til Svelgen.

Fylkeskommunen opplyser at det førebels ikkje er planer om å setje opp båtrute fredag morgon, men at reisande kan følgje lokalbåten frå Villevika til Florø.

– Det er framleis meldt om vind og bra med nedbør, og denne kombinasjonen gjer at rasfaren aukar utover kvelden, seier Solheim om vegstenginga.

Det blir gjort ny vurdering av situasjonen fredag morgon klokka 09.

– Då får vi sjå om det har kome ned noko meir og om det har samla seg opp snøskavlar som vi må sprenge ned, seier Solheim.