Hopp til innhold

Endeleg får han tak i sommarmaten han likar best

FØRDE (NRK): Sal av vegetarprodukt har auka stort dei siste par åra. – Eg er glad butikkane har utvida vegetartilbodet sitt, seier Kostas Lukosiunas.

Kostas Lukosiunas handlar vegetarmat

GODT UTVAL: – Eg er glad utvalet av vegetarprodukt har blitt betre, og eg håper det vil kome endå fleire alternativ, seier Kostas Lukosiunas.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Kostas Lukosiunas har vore vegetarianar sidan 1997. Han seier det har blitt enklare å finne vegetarprodukt i butikkane no enn før.

– Då eg kom til Noreg for tolv år sidan var det vanskeleg å få tak i slike produkt. No er det mykje betre, seier han.

Større utval i butikk

Ørjan Alme - butikksjef Coop Ekstra Førde

AUKE: Butikksjef Ørjan Alme i Coop Ekstra Førde, har merka ei auke i sal og etterspurnad etter vegetarprodukt.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Ørjan Alme er butikksjef i Coop Ekstra i Førde. Her har dei merka ei større interesse for vegetarprodukta.

– Vi har fått fleire førespurnadar etter vegetarprodukt, og får stadig eit større utval i butikken vår, seier han.

Alme trur at mange vel å kjøpe vegetarprodukt av ulike årsaker.

– Det kan vere på grunn av omsyn til klima, miljø og dyrevelferd, seier han.

Fleire kjøper vegetar

– Berre til no i år har vi ei auke på 35 prosent i sal av vegetarserien vår, seier Silje Verlo Alisøy.

Ho er kommunikasjonsrådgivar i Coop og fortel at Coop Mega har hatt ei salsauke på 46 prosent, og Coop Ekstra har hatt ein oppgang på 42 prosent.

Vegetarprodukt frå Coop

PRODUKT: Coop lanserer kvart år nye produkt i vegetarserien sin.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Vi legg merke til at kundane våre ynskjer å ha andre alternativ til kjøt, både til middag og kvardags, seier ho.

Det gode sommarvêret har blant anna ført til at sal av vegetarburger har dobla seg samanlikna med året før.

– Nordmenn har grilla heile 2,2 millionar vegetarburgarar denne sommaren, seier Alisøy.

I tråd med forsking

Annechen Bahr Bugge er forskar ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO på Oslo Met. Ho har mellom anna forska på nordmenns kjøtfrie matvanar.

Anneche Bahr Bugge - Forsker

FORSKAR: Annechen Bahr Bugge har forska på nordmenns matvanar, og seier fleire ynskjer å ete mindre kjøt.

Foto: OsloMet / OsloMet

– Dei par siste åra har vi sett ei auke blant folk som er opptekne av å redusere inntaket av kjøt, seier ho.

Forskaren seier at dei aller fleste forbrukarane baserer dette valet med omsyn til eiga helse.

– Det er også relativt mange som seier dei ynskjer å velje vegetarprodukt av omsyn til klima, miljø og dyrevelferd.

Andelen vegetarianarar har ikkje auka, sjølv om vegetarprodukt sel som aldri før. Bugge seier at berre 3 prosent av Noregs befolkning kategoriserer seg som vegetarianar.

– Det vi ser er at folk gjerne byt ut kjøtrettar med vegetarprodukt eller brukar grønsaker i staden for kjøt til nokre rettar.