Hopp til innhold

Stort overskot på aluminium i Sogn

Hydro Årdal hadde eit resultat før skatt på 202 millionar kroner i andre kvartal i år. Hydro Høyanger kunne notere seg for 53 millionar.

Årdal Metallverk

GOD DRIFT: Hydro Årdal har tent inn 320 millionar kroner i første halvår.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Morselskapet Norsk Hydro har eit underliggande resultat på 2,9 milliardar kroner, men tap på brasiliansk valuta gjer at resultatet etter skatt ikkje er like god som det analytikarane hadde venta.

Men drifta av dei norske aluminiumverka går godt. Til no i år har Hydro Årdal eit overskot på 320 millionar. Det er meir enn heile fjoråret, då verket i Årdal hadde eit resultat på 305 millionar kroner.

I Høyanger er halvårsresultatet på 72 millionar kroner, medan resultatet for heile 2016 var på 76 millionar.

Halvor Molland

– LEVERER GODT: Informasjonsdirektør Halvor Molland.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

Informasjonsdirektør Halvor Molland seier at 2017 ser ut til å bli eit godt år for norsk aluminiumindustri.

– Verka våre leverer bra, dei har godt produkt med høg kvalitet, dei får gode tilbakemeldingar frå kundane, og vi ser at prisane på aluminium i siste kvartalet har vore høgare enn tidlegare. Det er eit godt utgangspunkt.

Fabrikksjef Stian Tangen ved Hydro Høyanger stadfestar at dei har nøgde kundar.

– Vi får regelmessig gode tilbakemeldingar frå kundane våre. Men vi kan ikkje sitte roleg og klappe oss sjølve på skuldra, for det blir stilt stadig tøffare krav.

Viktigaste årsaka til resultatbetringa er auken i prisen på aluminium. Informasjonssjef Halvor Molland er varsam med å spå korleis prisen kjem til å utvikle seg framover.

– Prisen er avhengig av balansen mellom tilbod og etterspurnad i marknaden. Vi ventar at bruken av aluminium vi halde fram med å vekse med mellom fire og seks prosent i 2017.

Reduksjon i produksjonen av aluminium i Kina kan og føre til auka metallpris.

Forsikringsoppgjer

Fabrikksjef Wenche Eldegard i Årdal seier at stigande prisar på produkta deira, saman med god drift, er årsaka til det gode resultatet. Eit anna bidrag er forsikringsoppgjeret etter straumutfallet i juni i fjor.

Dei konsekvensane utfallet fekk då har Hydro Årdal planar om å unngå i framtida.

Wenche Eldegard

– STIGANDE PRISAR: Fabrikksjef Wenche Eldegard.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi har sikra investeringsmidlar til å erstatte ei likerettargruppe ved verket, noko som vil bidra til stabil drift ved metallverket og redusere risikoen for skadar ved straumutfall, seier Wenche Eldegard.

Også i Høyanger vil Hydro investere i ny likerettar. I alt er det planar om å bruke 140 millionar kroner på ulike prosjekt der.

To personskarar, to for mange

Eldegard seier at pilene peikar i rett retning for Hydro Årdal, men at dei vil legge stor vekt på at drifta er sikker for dei tilsette.

– Vi hadde to personskadar med fråvær i andre kvartal. Det er to for mange. Det blir jobba godt med tryggleiksarbeid i organisasjonen, men vi kan aldri slutte å forbetre oss.