Hopp til innhold

Stort overskot og besøksrekord for Flåmsbana

Det går mot endå eit rekordår for Flåmsbana, med over 760.000 reisande i år. Dermed er nye millionar i utbyte sikra.

Flåmsbanen
Foto: NTB/ SCANPIX

For i fjor vart det betalt ut 40 millionar kroner til NSB og lokale eigarar. Administrerande direktør i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, er svært tilfreds

– Det ligg an til ei auke på åtte prosent. Vi reknar med å lande på 760.000 reisande på bana. Dette blir besøksrekord, seier han.

Kinesarane kjem

Med eit driftsresultat på 53 millionar og ei omsetning på 114 millionar, vart 2014 eit svært godt år for Flåm Utvikling som eig Flåmsbana. NSB eig 50 prosent av Flåm Utvikling. Den resterande halvparten er eigd av statsføretaket Siva, Aurland kommune og Aurland Sparebank.

Sterk auke på den asiatiske marknaden er ein viktig grunn til suksessen, fortel Bakk.

–Vi har hatt godt besøk frå Asia i alle år, men siste åra har spesielt talet på turistar frå Kina auka.

NSB ny medeigar

Flåm Utvikling var fram til 2013 heileigd av Aurland Ressursutvikling. Sidan har NSB eigd halvparten av Flåm Utvikling, noko Bakk meiner har vore positivt for selskapet.

– Å få NSB som eit profesjonelt togselskap, har vore positivt for Flåmsbana.

Aurland Ressursutvikling si inntening har gått kraftig tilbake etter at NSB kom inn på eigarsida i Flåm Utvikling. Ordførar i Aurland, Noralv Distad, har følgjande kommentar til at det lokale selskapet og dermed også kommunen sit igjen med ein mindre del av kaka.

– Det var vanskeleg forhandlingar. men vi har kome bra ifrå det med bra utbytte til begge eigarane, seier Distad.