Hopp til innhold

Stort område tilgrisa i Vågsøy

VÅGSØY (NRK): Ei populær badestrand, hus og bilar i bygda Refvika er tilgrisa av drivstoff, melder Alarmsentralen.

Drivstoff i elv

REFVIKA: Det er meldt om utslepp av drivstoff over bygda Refvika i Vågsøy kommune.

Foto: TORE LUND

– Det er avdekka at det ikkje har kome frå himmelen, men saka vert etterforska av politiet, seier Frode Korneliussen på Alarmsentralen i Florø.

Dei første rapportane gjekk på at drivstoffet skulle ha kome frå himmelen og ein av teoriane som vart sjekka var om det kunne ha kome frå fly. Dette er no avkrefta.

Den populære badestranda Refviksanden ligg i bygda Refvik i Vågsøy kommune. Både den, samt fleire hus og bilar er råka av dette.

REfvik

SÅNN SER DET UT PÅ STRANDA: Refviksanden er tilgrisa av drivstoff.

Foto: TORE LUND

– Brannvesenet var på staden og jobba med å kartlegge omfanget av dette, og for å finna ut kva stoff det er. Men det luktar sterkt av diesel og parafin. Dei avslutta rundt klokka 16.00 og har tatt prøver forskjellige stader, slik at vi kan finne ut kva stoff det dreier seg om, seier Gjesdal.

Nabo melde frå

Refvik, drivstofflekkasje
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Alarmsentralen opplyser at dei fekk melding om lekkasjen rundt klokka 13 og at det var ein som bur i området som tok kontakt med dei.

Tore Lund bur i Refvika. Han tok turen ut for å sjå kva som hadde skjedd.

– Eg såg at det var noko i eine elva, og at det lukta ganske kraftig. Brannvesenet har jobba i fleire timar nede på stranda, seier Lund.

Jon Inge Refvik - nabo til tilgrising i Vågsøy

NABO: Jon Inge Refvik bur i nærleiken av badestranda som har blitt dekka av drivstoff.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ein av dei som varsla var Jon Inge Refvik.

– Eg vart ringt opp i dag tidleg av ein som hadde sett at elva var full av drivstoff og at det var farga drivstoff i dammar på stranda. Så høyrde vi at nokon skulle ha fått det på tak og bilar. Eg har aldri opplevd liknande, seier Refvik.

Refvika
Foto: Skjermdump