Hopp til innhold

Tre personar sperra inne av ras i Luster

Eit opp mot 100 meter breitt jordskred har rast over ein anleggsveg mellom Fortun og Nørdstedalseter turisthytte i Luster. Tre personar må gå rundt raset for å kome seg ut.

Tre sperra inne på Nørdstedalseter

MÅ GÅ: Maj-Britt Finskud og Dag Bråten er sperra inne saman med Lars Finskud, ein hund, ein bil og ein traktor på turisthytta Nørdstedalseter.

Foto: Lars Finskud

SISTE: Fredag kveld opplyser informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland, til NRK at ein geolog skal synfare rasstaden i løpet av ei vekes tid. Om anleggsvegen vil verte opna igjen no eller først til våren vert avgjort etter at geologen har vore i Luster.

– Tryggleiken har høgste prioritert, og vi kan ikkje utelukke at vegen kan verte stengd over vinteren.

Kva som eventuelt då vil skje med køyretøy som står innesperra i dalen har Hydro ikkje teke stilling til enno.

Ingen personar vart tekne av raset, men skredet har øydelagt anleggsvegen ved Nyasetli, øvst i Fortunsdalen.

Det er knappe to veker sidan flaumen øydela vegen inn til Fortunsdalen og isolerte fleire personar.

No kjem ikkje Lars Finskud, Maj-Britt Finskud og Dag Bråten seg ned i dalen att, med bilen og traktoren. Dei er på Nørdstedalseter for å fikse turisthytta, og køyrte opp i går ettermiddag.

– Det er om lag 12 kilometer til raset, så eg har ikkje vore der og sett. Vi har berre ein moglegheit for å kome oss ned i dalen att, og det er å ta beina fatt, seier Lars Finskud.

– Vi tek traktoren og bilen så langt det går, og så går vi den gamle stølsvegen. Det er nok det tryggaste, seier han.

Ras i fortunsdalen

DRAMATISK: Vegen til Nørdstedalseter er vaska vekk av eit ras på mellom 50 og 100 meter.

Foto: Hydro

– Sjokkerande

Hans Kristian Sæta har hytte inne ved Nørdstedalseter, og var ute og såg til raset fredag føremiddag.

Ras Fortunsdalen 26.10.2018

MYKJE: Hans Kristian Søta synest det var mykje stein- og jordmassar.

Foto: Hans Kristian Sæta

– Det var skrekkeleg og sjokkerande. Det var uventa at raset skulle gå der, i ein sving. Det kunne vore folk der, seier Sæta.

Han synest det var enorme mengder stein og jord.

– Dette er trist, seier han.

Hydro eig vegen

Det er Hydro som eig vegen som går til kraftverket deira i Fortunsdalen der raset gjekk.

Ras Fortun 26.10.2018

STORT: Raset fredag morgon var stort, men ingen personar vart teke.

Foto: Hydro

– Eg var på veg til kraftverket, men plutseleg var heile vegen vekke. Då var det berre å snu, seier Ole Gudmund Bjørk, som jobbar i Hydro Energi.

Politiet fekk melding av Hydro om skredet klokka 9 fredag morgon. Hydro sitt helikopter var oppe og såg på raset fredag føremiddag.

jordras i Luster
Laster Twitter-innhold