Slike hopp imponerer klassevenninnene

JØLSTER (NRK): Hopptalentet Johannes Årdal (15) må køyre 35 mil kvar veg for å trene, men har likevel vorte knallgod.

Johannes årdal

I SVEVET: Johannes Årdal på veg mot landing under trening. 15-åringen frå Jølster håpar å bli så god at han kan delta både i VM og OL.

Foto: Privat / Privat

Stemninga er lattermild og god når Johannes Årdal viser fram hoppteknikken sin til klassekameratane. Han bøyer seg godt ned i hoppstilling og viser korleis han tek sats.

15-åringen går i 10. klasse på Skei skule i Jølster. Særleg jentene let seg imponere av kvalitetane hans i hoppbakken.

Johannes Årdal, skihoppar

SIGER: Sist helg vann Johannes Årdal (15) norgescuprennet C-klassen då han hoppa 111 meter i Vikersund. Dette biletet er teke på Lillehammer 24. november i fjor.

Foto: Privat

Konkurrentane hans kjem nesten utelukkande frå område der det er ein hoppbakke i nærleiken. Slik er det ikkje for Johannes. For å kunne trene må han ta den lange turen frå Jølster på Vestlandet, over Strynefjellet, via Gudbrandsdalen til Lillehammer.

– Det blir mykje køyring, men det må til for at eg skal få trene under gode forhold med kyndige trenarar på plass, seier han.

Sist helg vann han eit norgescuprenn i C-klassen då han hoppa 111 meter i Vikersund. Personleg rekord er 126 meter på trening i Lysgårdsbakken på Lillehammer.

Glad for ros

– Det er utruleg kjekt at han får det så bra til, seier klassevenninne Andrea Flatjord Kjøsnes med eit stort smil. Ho trur Johannes kan nå langt fordi han verkar så dedikert.

Også Emma Førde er imponert.

– Det er veldig kult at han har hoppa nesten 130 meter. Eg forstår ikkje at han tør det, seier ho.

Johannes blir litt flau av all rosen og fortel at jentene ikkje skal uroa seg.

– Eg var sjølv pyse og det var skummelt første gong eg hoppa. No er det ikkje skummelt lenger, fortel han roleg. Jentene smiler bort mot hoppkometen og er tydeleg imponerte.

Kjøpte hoppskoa til ein verdsmeister

– Verdsmeister Anders Fannemel er det store forbildet mitt, avslører 15-åringen.

Fannemel er knytt til hopplina ved NTG på Lillehammer. Storhopparen er for tida skadd, men har gjeve Johannes mange gode råd undervegs og har endåtil selt hoppsko til han.

Johannes Årdal

I SVEVET: Johannes Årdal fotografert i Granåsen i Trondheim. 15-åringen frå Jølster håpar å bli så god at han kan delta både i VM og OL.

Foto: PRIVAT

– Anders er veldig grei og dyktig. Han har lært meg mykje, fortel Johannes.

28-åringen frå Hornindal var i ei årrekkje ein av Noregs beste skihopparar. Han er sjølv full av lovord om Johannes Årdal, og meiner han kan nå så langt han vil. Men at det vil krevje knallhard jobbing i åra som kjem.

– Han er eit stort talent og er veldig dedikert for hoppsport. Med ein slik kombinasjon kan det bli veldig bra.

Ferieturen enda i hoppbakken

Anders Fannemel

HAR TRU PÅ JOHANNES: Anders Fannemel fortel at Johannes Årdal er eit stort hopptalent og at han kan nå langt.

Foto: NRK

Sjølv om Fannemel er det store forbildet, er det foreldra som betyr mest for Johannes.

– Dei har køyrt meg land og strand rundt og hjelpt meg med alt. Utan dei kunne eg ikkje vore skihoppar, seier 15-åringen. I fjor køyrde foreldra 40.000 kilometer til trening og renn.

15-åringen fortel at det var litt tilfeldig at han fekk interesse for hoppsport. Då dei tre søstrene hans reiste på speidarleir sommaren 2014, fann faren ut at også sonen måtte få vere med på noko kjekt. Dei drog like godt til Midtstulia der det var hoppsamling for born.

Til hausten håpar 15-åringen å starte på hopplina på NTG på Lillehammer. Då blir det hard trening i bakken der det heile starta.

Johannes Årdal på Skei skule i Jølster

FÅR STØTTE AV KLASSEKAMERATAR: Klassekameratane ved Skei skule i Jølster lovar å halde kontakten med skihopparen Johannes Årdal etter at han flyttar til Lillehammer til hausten og byrjar på hopplina på NTG.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg gler meg, fortel Johannes, men legg til at han også gruar seg litt.

– Det er langt heim og eg er redd det kan bli litt einsamt. Men det går nok bra, seier han.

Klassevenninnene forstår at han kvir seg litt og lovar å halde kontakt etter at han flyttar. Dei lovar også å følgje med på TV, viss han blir å sjå på TV under hopprenn.

– Vi har stor tru på deg, seier dei nesten i kor.

– Tusen takk, seier Johannes og smiler.