Hopp til innhold

Stort gassfunn utanfor Bremanger

Tyske Verbundnetz Gas har gjort eit drivverdig funn av olje og gass utanfor Bremanger. No kan det vere håp om nye arbeidsplassar og investeringar i kommunen.

Oljefunn

STORE FUNN: Tyske Verbundnetz Gas har gjort drivverdige olje- og gassfunn utanfor Bremanger. Dette kan gje håp om nye arbeidsplassar og investeringar i kommunen.

Foto: NRK arkiv

Etter det NRK erfarer har det tyske selskapet Verbundnetz Gas (VNG) gjort eit drivverdig funn av gass og olje utanfor kysten av Bremanger.

Det skal først og fremst vere store mengder gass som gjer funnet interessant. Men det er også olje i feltet.

No er det håp om ilandføring, og at dette kan gje både arbeidsplassar og store investeringar i kommunen.

- Det vil vere behov for ein terminal som kan handtere ilandføringa, seier administrerande direktør Agnar Strømsnes i Saga Fjordbase.

Ilandføring på Smørhamn

Olje- og gassfunnet vart gjort så tidleg som på 1970-talet. Det er funn av tilleggsreservar som no gjer at utbygging av feltet kan verte aktuelt.

I så tilfelle kan funnet bli historisk for Sogn og Fjordane: Aldri tidlegare er det gjort funn av olje eller gass så nært kysten av fylket. Funnet er gjort på Agat-feltet på den såkalla Måløyblokka.

Den korte avstanden kan resultere i at olje og gass blir ilandført på Smørhamn på Bremangerøya.

Orienterer ordførarane tysdag

No kan det vere håp om eit nytt industrieventyr i kommunen.

- Skulle VNG bestemme seg for å satse, kan det gå fort, seier Strømsnes.

Overfor NRK ønskjer Verbundnetz Gas førebels ikkje å kommentere saka. Tysdag skal selskapet orientere kystordførarane om funnet.