Hopp til innhold

Gamle gardiner og dynetrekk vart til dette flagget

Høgt over Loen, midt i ei populær klatrerute, heng det eit ni meter høgt Norge-flagg laga av gamle gardiner og dynetrekk.

Norgeflagg over Loen

FLAGGSIDE: Dette synet møtte folk i Loen om morgonen 17. mai.

Foto: Roger Vik

No har fjellguidane i Loen teke opp kampen med snøflagget i fjella over Gloppefjorden.

I dag tidleg hang plutseleg eit ni meter langt flagg i den stupbratte fjellsida over Hotel Alexandra.

– He, he, ja. Eg veit kven som har hengt det opp, det er nok ein av våre guidar, flirer Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active, då NRK spør om han har noko med saka å gjera.

– Eit ordentleg gjenbruksflagg

Flagget er ni meter langt og er bolta fast midt oppe i Via Ferrata-klatreløypa.

– Det er vel ein fin start på ein tradisjon. Det norske flagget er jo eit av dei vakraste flagga me har i landet, seier guide Mats Yri, som er mannen bak prosjektet.

– Eg brukte vel tre-fire dagar på å sy det, og det er eit ordentleg gjenbruksflagg. Det er gamle dynetrekk og gardiner som er farga og sydd i hop, seier Yri.

Han fekk med seg nokre hjelparar til å henga det på plass i dag tidleg.

– Det var no berre å gå eitt steg om gangen, men det var litt tyngre enn venta. Det var litt vind, so det var nesten litt fallskjermaktig ei stund, men det gjekk til slutt bra, humrar Yri.

Synleg frå Olden

– Flagget er synleg frå heile Loen, men også frå Olden, seier Roger Vik, som knipsa biletet av fjellflagget.

No skal det få henga der nokre dagar, men Yri kan ikkje lova at det blir hengande so veldig lenge.

– Dersom boltane held godt, so får det kanskje henga. Men eg har eit anna flagg liggjande klart som eg har lyst å ha opp i fjellsida.

Yri har nemleg sterke band til Catalonia, og er oppteken av å kjempa for fridomen til den regionen.

– Det er eit katalansk fridomsflagg eg vil hengja opp, det er viktig å kjempa for rettane til Catalonia.

– Blir det bytt ut med det norske eller hengt ved sidan av?

– Dersom Norge-flagget ikkje heng bom fast, so blir det nok erstatta, seier Yri.

Men han reknar med at Norge-flagget kjem opp at når det nærmar seg 17. mai 2014.

– Ja, det gjer det nok.