NRK Meny

Stort Fjord1-overskot

Fjord1 hadde eit resultat på nesten 240 millionar kroner i første halvår. Det er nesten 100 millionar meir enn på same tid i fjor. – Høgare volum og stabil og sikker drift gir betre marginar, og vi får leigd ut fleire fartøy til turisttrafikk, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland. Han seier det er gledeleg å kunne presentere eit slikt resultat kort tid etter at Fjord1 vart notert på Oslo Børs.

Dagfinn Neteland
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune