NRK Meny
Normal

Stort fall for Ap og Sp på meiningsmåling

Høgre er på sterk frammarsj, medan både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har tapt mange veljarar i Sogn og Fjordane frå april til september, syner eit nytt partibarometer.

Val

I april fekk Senterpartiet 33,5 prosent og Arbeidarpartiet 27,4 prosent. I august/september har Sp falle til 26,4 og Ap til 24,0. For Sp er det ein nedgang på 7,1, for Ap 3,3 prosentpoeng.

Det gjer at dei to partia må nøye seg eitt mandat kvar, syner partibarometeret, som er utført av Sentio Research Norge AS for NRK og avisene Firda Tidend, Fjordingen, Fjordabladet og Fjordenes Tidende.

Frida Melvær

HAR VALVINDEN I RYGGEN: Frida Melvær (H) har auka oppslutnaden sidan april og er sikra stortingsplass dersom valresultatet blir som i partibarometeret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Stor Høgre-framgang

Det er Høgre med førstekandidat Frida Melvær som etter meiningsmålinga å dømme har brukt sommaren og valkampen best. For Høgre har ein framgang på 6,3 prosentpoeng til 17,7 prosent i august/september.

– Dette var veldig hyggeleg. Ingenting er avgjort før valdagen, men det er kjekt å registrere at dei siste målingane har ein positiv trend for oss. Dette er ei veldig god utvikling på tampen av valkampen, seier Frida Melvær.

Også Britt Dalsbotten og Framstegspartiet har trekt til seg veljarar i løpet av sommaren. Partiet får i august 10,8 prosent på partibarometeret, ein framgang på 3,6 frå april.

Venstre fell frå 5,0 til 2,8 prosent frå april til no. Likevel indikerer partibarometeret at Sveinung Rotevatn får halde fram i utjamningsmandatet han sikra seg i 2013. Men dette er veldig usikkert.

Verd å merke seg er også framgangen til SV og Raudt. SV tredoblar oppslutnaden frå april, frå 1,6 til 4,9 prosent. Raudt firedoblar frå 1,0 til 4,1 prosent.

Kristeleg Folkeparti fell frå 7,7 til 6,7 prosent, medan MDG har stabil oppslutnad, eit lite fall frå 2,1 til 2,0 prosent.

Steinar Ness, Liv Signe Navarsete, Eldgrim Fossheim

UTAN STEINAR NESS: Blir valresultatet som meiningsmålinga, får ikkje Liv Signe Navarsete (Sp) med seg partifelle Steinar Ness til Stortinget.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Uendra mandatfordeling

Blir valresultatet som denne meiningsmålinga, blir mandatfordelinga slik: Senterpartiet eitt, Arbeidarpartiet eitt, Høgre eitt og Venstre eitt (utjamningsmandat). Med andre ord, som i inneverande valperiode.

Samanliknar vi partibarometeret for august/september med stortingsvalet i 2013 blir biletet annleis enn i samanlikninga med meiningsmålinga i april. For Sp er det då ein framgang på 5,8 prosentpoeng, Ap har ein tilbakegang på 4,1, Høgre ein tilbakegang på 1,3, Frp har same oppslutnaden som ved stortingsvalet, KrF minus 1,4, SV pluss 1,5, Raudt pluss 3,5, Venstre minus 3,5, MDG pluss 0,3.

Sentio Research Norge AS har intervjua 600 personar i tidsrommet 28. august til 3. september.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.