NRK Meny
Normal

Stort engasjement rundt BlimE-dansen

FØRDE (NRK):– Vi må bry oss om kvarandre. Dette var hovudbodskapen då 325.000 elevar i heile landet dansa BlimE-dansen i dag.

325 000 elevar over heile landet dansa til BlimE-dansen idag og Førde barneskule var ein av skulane som var med.

DANSAR: Sjå dansen til elevane ved Førde barneskule.


– BlimE handlar om vennskap, og å sjå at dei har det bra, sa konferansierane Elisabeth Umutoni og Helene Friborg ved Førde barneskule.

Saman med ei gruppe elevar leia dei BlimE-dansen framfor resten av skulen. Klokka 12.00 var det direkteoverføring via NRK Super.

Alle dei 245 elevane ved Førde barneskule dansa samstundes med dei 325.000 elevane som var påmelde i heile landet til å danse i lag. Med det sette årets BlimE-aksjon ny rekord.

Oppvarmargruppa

OPPVARMARGRUPPE: Denne gjengen leia dansen framfor resten av skulen. Frå venstre: Emilie Hjelle Hegrenes, Julie Hagen Torvund, Emma Gjelsvik Grane, Amalie Sofie Nesbø, Erick Nsabimbona, Marie Jakobsen, Ane Bertine Gjervik Sandtrøen, Elisabeth Umutoni og Helene Friborg.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Ved Vassenden skule i Jølster trassa elevane regn, og samla seg godt innpakka i regnklede då dei dansa.

Vassenden Skule

Få nye vener

BlimE dansen starta for fire år sidan og bodskapen er at alle må bli flinkare til å bry seg om andre. For Elisabeth Umutoni og Helene Friborg handla dagen og dansen om venskap.

– Dansen og songen handlar om at vi må vera snille og greie. Då kan vi få nye gode vener, seier dei to samstemde.

– Kva har dokker lært av å vera med på dette?

– At vi skal gå bort å snakke med dei som står aleine, sånn at dei ikkje føler seg utanfor, seier Helene.

– Og at vi må vera snille med venene våre og ikkje baksnakka dei, skyt Elisabeth inn.

BlimE

KONFERANSIERAR: Elisabeth Umutoni og Helene Fribord innleia med ein tale om kva BlimE handlar om.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Utfordring frå rektor

Rektor ved skulen, Therese Helland heldt ein kort tale der ho snakka om kor viktig det er at vi viser at vi bryr oss om kvarandre.

– Vi må vere venner og vi må sjå kvarandre, oppfordra ho, og gav elevane ei utfordring.

– Sei hei til kvarandre når dokker møtest i gangane på skulen, i friminutta og elles når dokker møtest i løpet av dagen.

Elevane sette i gang med å helse på kvarandre i gymsalen, slik at lærarane måtte roe dei ned.

– Dette gjeld frå og med dokker går ut herfrå, sa Helland.

Therese Helland

UTFORDRING: Rektor ved Førde barneskule, Therese Helland, utfordra elevane til å seie hei til kvarandre i gangane på skulen.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.