Hopp til innhold

Stort engasjement om framtida til teateret

Det har vore heftig debatt rundt framtida til Sogn og Fjordane Teater. Kvifor sviktar publikum og er det rom eit profesjonelt teater i Sogn og Fjordane?

Teaterdebatt på Pikant

TEATERDEBATT: Mange hadde samla seg for å diskutere framtida til Sogn og Fjordane teater.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det var trongt om plassen i kveld på Pikant-loftet i kveld då «Kultureliten» inviterte til teaterdebatt.

Debatten fann sitt utspring i teatersjef Terje Lyngstad som sette spørsmålsteikn ved om det i det heile tatt er rom for eit profesjonelt teater i Sogn og Fjordane. På ei framsyning i Årdal kom det berre fem publikummarar tidlegare i månaden.

Delte meiningar om innhaldet

Under debatten var det mange som kom til orde og dei fleste som var til stades i kveld meinte det var rom for eit profesjonelt teater i fylket. Men kva funksjon dette teateret skal ha, kva det skal innehalde og korleis dei skal nå ut til publikum, var det heller delte meiningar om.

Innleiarar for kveldens debatt var teatersjefen sjølv, Terje Lyngstad, scenekunstnar Miriam Prestøy Lie, kulturjournalist Marit Bendz og teaterkjennar Fridtjov Urdal.

Etter debatten seier teatersjef Terje Lyngstad at han ikkje er i tvil om at det trengst ei profesjonelt teatertilbod i Sogn og Fjordane.

– Vi skal ha den funksjonen at vi skal spele profesjonelle oppsetjingar for publikummet vårt. Vi får prøve å gjere det så interessant som mogleg. Det vi må diskutere no, er korleis vi skal få folk interessert i ein stor variasjon av framsyningar, seier han.

Skal ta risiko også i framtida

I eit fylke med små stader og totalt sett få menneske, er det ei stor utfordring å få nok folk på framsyningane.

– Kva er det akseptable for dei som rettar kritikken mot oss. Kor lite publikum kan sitje i salen og likevel vere godt nok, spør han.

– Kor stor kunstnerisk risiko kan Sogn og Fjordane teater ta?

– Eg opplever at vi har teke stor risiko ved å setje opp dei stykka vi har gjort, som til dømes ny, norsk dramatikk utan kjente titlar som dreg publikum. Spørsmålet vi stiller ved den skiljevegen vi er ved no, er om vi skal tore dette i framtida. Eg meiner vi skal ta stor risiko, men då blir det kanskje slik at alle stader er det ikkje fulle hus, seier teatersjefen.

Debatt om framtida til SoFT

KORLEIS SKAL TEATERET VERE: Måndag kveld var det debatt på Pikant i Førde.