- Det har vore ein fantastisk gjevarvilje, særleg her i Indre Sogn, men likevel manglar vi om lag 85.000 kroner, seier Underdal.
For ein månad sidan kom dommen mot systrene Olga og Tatjana Belik i Oslo tingrett. Dei gjekk til sak for å få bli her i landet, etter at UDI hadde gitt dei avslag, men tingretten gav UDI fullt medhald.
Dei to systrene frå Moldova bur i Aurland, og dei meiner dei risikerer å bli selde som sexslavar om dei må reise tilbake til heimlandet. No har advokaten deira, Sjur Vinje, sendt anken. Det er planar om å hente vitne frå Moldova og andre europeiske land, og i så fall kan det bli endå dyrare enn dei 239.000 kronene som det til no er kalkulert med.
På den andre sida er det søkt om fri rettshjelp, slik at dei kan kome rimelegare frå det. Uansett trengst det meir enn dei 154.000 som til no er kome inn. Og Leif Inge Underdal er ikkje i tvil om at dei skal nå fram med anken.