Hopp til innhold

- Offer for vald og seksuelle overgrep får ikkje god nok hjelp

Personar som blir utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar får ikkje god nok hjelp i Sogn og Fjordane. Som einaste fylke manglar det både eit eige overgrepsmottak og eit senter mot incest og seksuelle overgrep.

Helge Ulvestad og Espen Gulliksen

TA ANSVAR: Helge Ulvestad og Espen Gulliksen ber kommunane ta ansvar for å få eit overgrepsmottak på plass i Sogn og Fjordane.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Både politiet og helsevesenet i Sogn og Fjordane er oppgidde over situasjonen. Dei seier dei ikkje har ressursar til å ta seg godt nok av offer for overgrep og vald.

I dag finst det eit valdtektsmottak ved Førde sentralsjukehus, men på grunn av ressursmangel står dette i fare for å bli nedlagd. No ber ei eiga arbeidsgruppe om at kommunane tek ansvar.

I halvanna år har arbeidsgruppa arbeidd med planane om å endeleg få på plass eit overgrepsmottak i Sogn og Fjordane. Det at det i dag manglar eit slikt mottak noko betyr store utfordringar for både politiet og helsevesenet.

Stort behov for overgrepsmottak

I tilfelle der personar vert utsette for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar kan politiet risikere å køyre rundt med desse, utan å finne ein stad der dei kan få god hjelp.

– Vi reknar med at det årleg er ein stad mellom 70 og 100 personar som har behov for hjelpa som kan bli gitt ved eit slikt overgrepsmottak, seier Espen Gulliksen.

Han er koordinator for familievald og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane politidistrikt. Gulliksen meiner behovet for eit overgrepsmottak er stort.

Utan eit godt nok tilbod er det også vanskeleg for politiet å avdekke kva som skjer med folk som blir utsette for slike hendingar.

– Eg trur ein i ganske mange tilfelle behandlar skadane utan at ein nødvendigvis finn ut korleis ting har skjedd, seier Gulliksen.

Skal gje hjelp og støtte i den akutte fasen

Planane om eit overgrepsmottak i Sogn og Fjordane vart onsdag lagde fram på fylkesmøte i KS, kommunane sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon. Helge Ulvestad er leiar ved Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt, og det er han som har leia arbeidet med planane om eit overgrepsmottak.

– Målet med eit overgrepsmottak er å skulle hjelpe i den akutte fasen der menneske har blitt utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar, seier Ulvestad.

Ved overgrepsmottaket vil ein til dømes gjere medisinske undersøkingar av personar som er blitt utsette for valdtekt. Dette inneber ei rettsmedisinsk undersøking som skal dokumentere skader og anna som kan halde som bevis i ei eventuell rettssak.

– Den andre viktige arbeidsoppgåva er oppfølging, og det er spesielt her tilbodet er dårleg no, seier Ulvestad.

Mellom anna vil overgrepsmottaket hjelpe personane som er utsette for vald og seksuelle overgrep slik at dei kan få meir hjelp og oppfølging. Dette gjer dei til dømes ved å vise dei vidare til hjelpeapparat ute i kommunane eller til andre institusjonar som kan gje hjelp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helge Ulvestad og Espen Gulliksen

BEHOV: Både politiet og helsevesenet meiner det er viktig at ein får oppretta eit tilbod som kan gje akutt hjelp til personar som vert utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Kan bli ståande utan tilbod

Mottaket som i dag finst ved Førde sentralsjukehus kan gje hjelp til kvinner som er utsette for seksuell vald. Dei har gitt uttrykk for at dei har vanskar med å oppretthalde tilbodet på grunn av manglande ressursar.

Dersom ikkje kommunane tek ansvar for å opprette eit eige overgrepsmottak kan personar som blir utsette for seksuelle overgrep stå heilt utan eit hjelpetilbod i Sogn og Fjordane.

Kommunane må betale

Eit overgrepsmottak får ikkje statleg tilskot, så det er kommunane sjølve som står for finansieringa. Avtroppande fylkesleiar i KS, Olav Lunden, håpar kommunane tek ansvaret og får på plass eit slikt mottak snart.

– Dette er ein bodskap vi må få ut til kommunane slik at dei kan ta dette med seg i sine budsjettplanar. Dette må alle vere med på for å få til, seier Lunden til NRK.no.

Arbeidsgruppa har føreslått tre ulike modellar i forhold til korleis eit overgrepsmottak skal organiserast. Kostnadene er litt ulike, men dersom ein vel det billegaste alternativet vil dette koste om lag 2,5 millionar kroner i året.

Ifølgje avisa Firda skal KS sitt fylkesmøte ha uttrykt skepsis til kostnadene. Det var først etter sterke oppmodingar frå Noralv Distad (H) og Nils P. Støyva (Ap) at KS snudde på flisa og gav eit klart signal om reell vilje til å samarbeide vidare om planen.

Manglar også oppfølgingstilbod

Sogn og Fjordane er også det einaste fylket i landet som ikkje har eit senter mot incest og seksuelle overgrep. Også her må kommunane vere med å betale skal ein få eit tilbod på beina i Sogn og Fjordane.

Overgrepsmotaket vil vere ein stad som yter akutt hjelp, medan ein senter mot incest og seksuelle overgrep er ein oppfølgingsinstans.