Hopp til innhold

Storstila testing for dødeleg hjortesjukdom

– Å ta prøven tek berre fem minutt. Det er ein alvorleg sjukdom me veit veldig lite om, så det er viktig å få oversikt om det har spreidd seg til hjorten, seier jeger Joar Søhoel.

Joar Søhoel på jakt

– TA PRØVEN: Joar Søhoel oppmodar jegerane til å ta prøvar at dyra dei skyt. Her er han på villreinjakt i Vest-Jotunheimen. Dette dyret testa negativt for skrantesjuke.

Foto: privat

30.000 hjortedyr skal testast for skrantesjuke i Noreg denne jaktsesongen. Til samanlikning er det testa i overkant av 40.000 dyr sidan sjukdomen vart påvist i 2016.

– Me famnar breiare i år enn tidlegare. Me er framleis avhengige av å testa ganske mykje, sidan me framleis veit lite om denne sjukdomen, seier Knut Morten Vangen, seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

Hjerne og lymfeknutar

Knut Morten Vangen

SEKSJONSLEIAR: Knut Morten Vangen er seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

Foto: Even Langmo / NRK

Skrantesjuka vart påvist for første gong i Noreg på ei villreinsimle i Nordfjella i mars 2016. Funnet førte til at heile villreinstammen på om lag 2000 dyr i Nordfjella sone 1 vart utrydda, i håp om å hindra at smitten spreidde seg vidare til andre villreinstammar og hjortedyr.

Sidan då er det funne 19 smitta villrein i Nordfjella, tre elgar i Trøndelag og ein hjort i Møre og Romsdal. Elgane og hjorten var smitta av atypisk skrantesjuke, som forskarane framleis ikkje veit om er smittsam, slik den klassiske varianten som er funnen i Nordfjella er.

Det er områda rundt der sjukdomen er påvist som skal testast. I tillegg er det valt ut 82 tilfeldige kommunar for å sikra eit breitt og representativt utval av dyra som blir testa.

Jegerane skal senda inn prøvar av hjernen og lymfeknutane i svelget. Etter eit par dagar frå dei prøvesvaret.

Skrantesjuk simle

DEN FØRSTE: Dette er den første villreinen som vart oppdaga med skrantesjuke. Simla vart funnen vinteren 2016 i Nordfjella.

Foto: Lars Nesse

Større omfang i år

Alle felte hjortedyr i kommunane Lærdal, Aurland, Årdal, Flora, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal, Bremanger, Vågsøy, Selje og Eid skal testast.

I Aurland, Lærdal og Årdal var dei pålagt å testa hjort også i fjor, sidan dei tre kommunane ligg i eller nære Nordfjella. I 2017 vart om lag 80 prosent av dyra som vart felt under jakt i desse kommunane, testa.

– Me har gode erfaringar frå 2017. Jegerane har også interesse av å vita om kjøtet er friskt, seier Knut Fredrik Øi, viltforvaltar i dei tre kommunane.

– Fort gjort å ta prøven

Joar Søhoel på jakt

JEGER: Joar Søhoel.

Foto: privat

Joar Søhoel er ein ivrig jeger. Han oppmodar alle som skal jakta i haust, om å ta bidra til å få meir kunnskap om skrantesjuka.

– Å ta prøven tek berre fem minutt. Det er ein alvorleg sjukdom me veit veldig lite om, så det er viktig å få oversikt om det har spreidd seg til hjorten, så det ikkje endar opp slik som det gjorde i USA, seier Søhoel.

I Nord-Amerika vart sjukdomen oppdaga for femti år sidan . I dag finst sjukdomen i 25 statar. I enkelte område er bortimot halvparten av hjortedyra sjuke.

– Det er viktig å få stoppa det, viss me har moglegheita til det.

Denne hausten og vinteren vart meir enn 2000 villrein i Nordfjella skotne og drepne, på grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke (CWD).
Vi følger lokale jegarar under den siste villreinjakta på mange år - og statlege jegarar som har fått den krevande jobben med å utrydde ein heil villreinstamme.

SJÅ FILMEN: Villreinens siste vinter