Hopp til innhold

Størst motstand mot deponi i Førde

I Førde meiner over 70 prosent av veljarane at det er miljømessig uforsvarleg å deponere gruveavfall i Førdefjorden, syner tal frå valgomaten til NRK.

Engebø med utskipingskaia

MOT FOLKEVILJEN? Her utanfor Engebø skal etter planen store mengder overskotsmasse frå gruvedrifta lagrast på fjordbotnen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Naustdal er folket langt meir positive til deponiet. Der meiner nesten halvparten at det er miljømessig forsvarleg.

Dei som har gått inn på valgomaten får ein del påstandar som dei må ta stilling til, mellom anna denne: Det er miljømessig forsvarleg å tillate gruvedeponi i Førdefjorden.

I Førde er det 3216 svar. Det kan vere at ein del har svart fleire gonger, difor er det ein viss feilmargin, men konklusjonen er likevel klar. Folk i Førde er mykje meir skeptiske til gruvedeponiet enn folk i Naustdal.

Også i Flora og Askvoll er det eit klart fleirtal som meiner det er uforsvarleg med fjorddeponi. (Sjå tala lengre nede i artikkelen).

Bjørn Lødemel

STØTTAR VEDTAKET: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Meiner det er forsvarleg

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) er mellom forkjemparane for gruvedrift i Vevring og deponi i Førdefjorden. Han seier han har respekt for at det er ulike meiningar.

– Men eg meiner det som er gjort frå styresmaktene gjer at det er forsvarleg, og vi støttar det vedtaket som er gjort i regjeringa, og eg er sikker på at dette vil skape vekst og utvikling i Sunnfjord.

Lødemel synest det er interessant at folk i Naustdal er meir positive til fjorddeponi enn dei som bur i grannekommunane.

– Det er dei som er nærast oppunder der deponiet vil kome. Det er viktig å vere klar over at deponiet berre utgjer fem prosent av Førdefjorden. Det er eit avgrensa område, og då er det interessant at folk i Naustdal er meir positive.

Åsmund Berthelsen

- SAMSVARAR BRA: Åsmund Berthelsen (SV).

– Bør merke seg motstanden i nabokommunane

Åsmund Berthelsen er ordførarkandidat for SV i Naustdal og motstandar av fjorddeponi. Han meiner svara i valgomaten samsvarar bra med det inntrykket han sjølv har.

– Når eg snakkar med folk i bygda får eg inntrykk av at det er delt omtrent på midten i Naustdal. Prosjektet er her i Naustdal, og det vil vere større positive konsekvensar av gruvedrift her enn i nabokommunane.

Han meiner at dei ansvarlege bak gruveplanane bør merke seg at det er så stor motstand i nabokommunane.

– Det bør vere større oppslutnad når ein skal gjennomføre så store prosjekt, for det har store konsekvensar for folk også utanom Naustdal, eg tenker særleg på sjømatnæringa i Flora.

Her er resultata: Påstanden var: Det er miljømessig forsvarleg å tillate gruvedeponi i Førdefjorden.

Førde (3216 svar):

  • Heilt usamd: 56,8%
  • Delvis usamd: 14,0%
  • Ingen meining: 8,1%
  • Delvis samd: 11,2%
  • Heilt samd: 10,0%

Naustdal (593 svar):

  • Heilt usamd: 33,4%
  • Delvis usamd: 10,8%
  • Ingen meining: 7,6%
  • Delvis samd: 19,4%
  • Heilt samd: 28,8%

Askvoll (506 svar):

  • Heilt usamd: 48,6%
  • Delvis usamd: 11,5%
  • Ingen meining: 7,1%
  • Delvis samd: 13,0%
  • Heilt samd: 19,8%

Flora (1954 svar):

  • Heilt usamd: 52,9%
  • Delvis usamd: 11,8%
  • Ingen meining: 10,5%
  • Delvis samd: 12,6%
  • Heilt samd: 12,2%